LEDER: Så skjedde det igjen. Ei dyretragedie på ein lokal gard. 17 sauer svalt i hel i Sauda. Eit dyr til måtte avlivast da Mattilsynet kom til staden. Det er vondt å tenka på korleis det har vore i sauefjøset etter kvart som dagane gjekk utan fôr. Olav Tørresdal meiner den fyrste sauen døydde minst ti dagar før hendinga vart oppdaga.

Me veit så langt ikkje kvifor det gjekk så gale i denne saka i Sauda. Alle slike saker er spesielle, og det er opp til Mattilsynet, politi og eventuelt domstolen å fordela ansvar og skuld.

I denne saka er det uansett for seint. Det me vil diskutera her, er kvifor me som samfunn ikkje klarer å hindra slike tragediar.

I mange slike saker kjem det fram at psykisk sjukdom hjå bonden er ein viktig faktor. Tala varierer, men Folkehelseinstituttet seier at 40 prosent av oss vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Bønder er som folk flest, og om ein ikkje klarer å ta vare på seg sjølv, kan det vera vanskeleg å ta vare på dyr.

Bondeyrket kan vera einsamt, og ansvaret og arbeidsmengda kan vera overveldande. Det er vanskeleg å ta fri, sjøl når ein er sjuk. Problema kan tårna seg opp.

Psykiske problem kan førebyggjast. Det er det beste, sjølvsagt. Her kan alle bidra; snakka saman, invitera, sjå kvarandre. Organisasjonar, kommunar og bygdelag kan laga lågterskelarrangement der bønder kan treffast. Og ein kan tenka litt på dei som ikkje kjem; går det bra med dei. Treng dei hjelp.

Men alt vil ikkje bli oppdaga før det går ut over dyra. Vanstell vil skje. Så da må ein så godt som råd er oppdaga slikt så tidleg som muleg. Rutinemessige tilsyn vil ikkje dekka dette. Mattilsynet er heilt avhengig av hjelp og tips. På nettsida deira er det ei varselknapp. Den kan brukast, også anonymt, om ein mistenker vanstell av dyr.

Dette handlar ikkje om å angje naboen, men om å hjelpa – folk og dyr. Teikna kan vera mange. Om vi går mot slutten av mai og sauene ikkje kjem ut på beite, kan det vera eit slikt teikn.