SAMFERDSEL [Kvinnheringen]: Sidan midten av juli har Oslo-ruta ved Stord lufthamn vore i sving, etter at den i slutten av juni måtte innstillast i ein periode mens ein ventar på eit nytt stateleg anbod.

I ein e-post frå lufthamnsjef, Jan Morten Myklebust, står det at DAT (Det danske flyselskapet) fredag vann det statlege anbodet, som berre gjeld for perioden oktober til desember 2021.

DAT var elles den einaste tilbydaren, og skal flyga 12 rotasjonar per veke på Oslo-ruta.

Lufthamnselskapet arbeidar no med å få flyruta Stord-Oslo innlemma i staten sine FOT-ruter (Forplikting til offentleg tenesteyting) for perioden januar 2022 til og med mars 2024.

Den einaste kaien som ambulansebåten kan legga til ved i Åkra er i ferd med å rasa ut. No tar kommunen grep