Den aktive organiseringa og folkebevegelsen har sikra gode lønns- og arbeidsvilkår, skapt eit samfunn med små forskjellar i samanlikning til europeiske land. Vi har skapt eit trygt land med høg velferd og gode grunnverdiar, den ”Norske modellen”.

Vi har lagt politiske føringar og bygd landet til en nasjon ein kan være stolt av.

1 juli. 2015 vedtok stortinget med FRP og Høgre i spissen eit nytt regelverk for bruk av midlertidig ansettelse. Endringane har vært katastrofale for mange yrkesgrupper. Yrkeslinjene som tidligare vart rekna som ei tygg utdanning har blitt usikker og ned prioritert av norske studentar. Den norske arbeidaren har blitt satt i direkte konkurranse av utanlands arbeidsmarket. Organiseringsengasjementet som tidligare var ein av nøklane til den ”Norske modellen” er vekk.

Kravet til finansmyndighetene om fast arbeidskontrakt har fjerna muligheitene til å kunne kjøpe sin egen bolig og etablere seg. Sjukmeldingsgrunnlaget er basert på arbeidarar i fast arbeidskontrakt, dei har heller ingen rett til fødselspermisjon.

Eit direkte stikk til den nye generasjonen som skal vidareføre den gode "norske modellen".

Skal ungdom i dag vokse opp i eit samfunn som har snudd ryggen til dei unge som skal drive landet framover?

VI MÅ STYRKE DEN NORSKE ARBEIDAREN!

Mvh

Ørjan Fjellkårstad

Nestleder i Karmøy Senterparti

Nestleder i Haugalandet senterungdom

Tillitsvalgt i Industri Energi