17 mai med tårer og bismak! Om kamp for skaparverket,motløshet, sinne og håp!

Glimt frå leiren i Hersdal

Glimt frå leiren i Hersdal Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.17 mai er snart historie! "Den nasjonale dugnaden mot koronaviruset" er forstått og har gjort årets feiring, spesiell.
For mange av oss, har siste året, vorte spesiell, av ein annan grunn og. Fra Egersund til Finnmark, sprengast det vegar, inn i den finaste naturen me har. Dette vert gjort, for at gedigne vindturbinar, skal transporterast inn i desse naturperlene. Skaparverket vert ofra på miljøalteret. Grunnlovens miljøparagraf (§112), vert sett tilside, av sentrale myndigheter.
Potensielle grunneigarar vert lokka med god økonomisk kompensasjon.
Motargumenta er mange: Drap av insekter og fuglar, Helseplager, Forureining av drikkevatn, Redusert verdi av bolig- og fritidseigedommar, Visuell øydelegging av naturen, Lita verdiskaping for lokalsamfunnet og få eller ingen faste arbeidsplassar.
Eg er for samfunnsnyttig vegbygging. Men når høge fjellskrentar sprengest bort, bare for at 11 turbinar skal transporterast inn i vakker natur, då kjem tårene hos meg. I desse skråningane veks meir og mindre sjeldne planter, og ein del fuglearter har reir. Om du er ørn eller hubro, eller du er ein liten rødstrupe, trost eller gjerdesmett, så er katastrofen total, når maskinane reiser avgarde med reir, egg og ungar.
Sjølvsagt vil me ha rein energi, noko me har rikeleg av i vannkrafta. Og treng me meir, må det gjerast skattemessige grep, som gjer oppgradering av eksisterande vannkraftverk, lønnsamt. Det vil kunne gi like mykje energi, som dei planlagte vindindustrianlegga.
Motstandsarbeidet har ført ein del av oss, langt utafor "Comfort-sona", og har innbefatta både håp sinne og mismot. Både kommune, fylke og mange oganisasjonar og privatpersonar, har vore samstemt imot utbygging. Sentrale styresmakter har dette til tross, gitt utbyggar alle tillatelsar. Når både deler av grunnloven og lokaldemokratiet, vert tilsidesatt, så har årets 17 mai feiring ein bitter bismak. Riksforsamlinga på Eidsvoll, kan ikkje hjelpa oss i dag: Men er du lokal eller sentral politikar, skulle eg ynskja, at du stod fram og støtta ordførar Sigmund Lier, i hans kamp for naturen. Og de andre som og meiner, det er ein tragedie, å rasera norsk natur, utan att det kjem fellesskapet til gode. Bli med i motvindarbeidet, "Hersdalsgjengen", i Tysvær, treng di støtte nå! "Ja vi elsker dette landet", måtte det bare ikkje bli øydelagt!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken