Åpent brev til politistasjonssjef Edgar Mannes ved Haugesund politistasjon.

Stor fjellknaus ved Litlavatnet gjort klar for boring og sprenging

Stor fjellknaus ved Litlavatnet gjort klar for boring og sprenging Foto:

Av
DEL

LeserbrevPolitiets prioriteringer angående Tysvær Vindkraftverk

Herr Politistasjonssjef!


Denne våren har eg, og ein god del andre personar, vore med på, noko som er nytt og ukjent for oss. Me har vore med på fleire demonstrasjonar i mot Tysvær Vindkraftverk. Mange av oss som debuterer som demonstrantar, har levd eit langt liv. Faktisk, så har me med ei flott dame i gjengen, som er godt over 80 år, og som trufast stiller opp, dag etter dag.

Dette blir ikkje gjort, fordi me synest det er kjekt, men fordi me har forstått, at ein reddar ikkje klima i verden, med å rasera naturen. Eg var sjølv tilhengar av vindkraft, inntil for få år sidan, då eg visste lite om vindkraftas mange ulemper. Men etter kvart som ein har fått meir kunnskap om alle desse ulempene, så har eg bevega meg frå tilhengar, til klar motstandar, av vindkraft.

Dagens monsterturbinar, med ein fart på opptil 300 km/t, ytterst på turbinvengene, drep og lemlestar, både fuglar, flaggermus og insekt. Støy og infralyd tek livskvaliteten, frå både folk og dyr, og gjer skade på indre organ, ved langtids eksponering. Turbinane avgir i snitt pr. år, ca. 60 kg giftige komposittforbindelsar, som vert spreidd rundt i industriområdet, og der noko kanskje endar i nokon sitt drikkevatn. I tillegg inneheld turbinane, store mengder olje, og me har sett eksempler, der olje har lekka ut og forureina drikkevatn. Visuelt , fører og vindkrafta med seg store endringar i landskapet. Kvar turbin, treng i snitt, ca. 1 km ny veg, ofte med store skjæringar og fyllingar. Turbinane forårsakar og skyggekast, iskast og kjemikalieutslepp ved reinsing av venger. I tillegg opplever mange naboar av anlegga, at eigedomsverdien av hus og hytter, reduserast med 30-40%.

Men på den positive sida, så produserer jo anlegga energi. Og etter kvart som me elektrifiserer meir og meir, så vil me nok få behov for meir elektrisk energi. Endå har me eit stort overskudd av energi. I staden for vindenergi, så bør ein satsa på å gi gode rammevilkår til vannkraftverka. Vert desse oppgraderte, vil dei kunna produsera meir av rein energi, utan naturøydeleggingar, i mange mange år, framover.

Dette er altså noko av bakteppe for at me i «Hersdalsgjengen» er blitt demonstrantar. Me synest det er vondt, at det ikkje vert teke hensyn til ørn og hubro som hekkar i området. Utbyggjar har ansvar for å ta hensyn til slike ting. Og det skal ikkje sprengjast innafor desse revira, i perioden 1. februar – 31. juli. I april/mai fekk NVE beskjed om, at arbeidet langs Litlavatnet, ligg innafor hubroens revir. Me i «Hersdalsgjengen» har fleire gonger prøvd å stoppa dette ulovlege arbeidet, men dine folk frå politiet har beordra oss bort, for å gi rom «for lovleg arbeid», som det har blitt sagt. Me har ikkje hatt samvittighet til ikkje å gjera noko, for våre «fjørkledde venner».

Fleire gonger har me prøvd å stoppa arbeidet, men kvar gong har dine kvinner og menn, beordra oss bort frå maskinane. Til sist såg me oss tvungne til å anmelda utbyggjar. 14. juni vart anmeldinga innlevert. Første veka etterpå, brukte dykkar folk på å registrera anmeldinga. Så her var det ikkje snakk om å skunda seg, for å redda trua arter. Og medan de og NVE hadde god tid, så nytta Risa og Co tida godt. Dei «små utbetringane», som var planlagde på Hersdalsvegen, vart til store knausar på fleire tusen kubikkmeter fjell, som vart sprengd. Nokre av desse sprengingane høyrdest faktisk heilt inn til Liarvågområdet, der eg sjølv bur.

Ca.1. juli kom svaret frå NVE, som gav oss rett i at dette var sperreområde for hubro. To månader vart altså brukt for å fastslå dette. I sterk kontrast til dei 3-4 timane som Tina Bru(OED) bruka på å gi Hersdalsvegen status som «statleg plan». Når dette vert skrive, arbeider de i politiet framleis med anmeldinga vår. Med å dra dette ut i tid, «hjelper» både de i politiet og NVE, utbyggjar og Risa. På desse to månadane vart det meste av påkrevd sprengingsarbeid, ved Litlavatnet, utført. Naturen og dei trua artane, vert den tapande part. Så eg bed deg Herr Politistasjonssjef, om å tenkja gjennom prioriteringane dykkar i denne saka.

Personleg har eg gjennom eit langt liv, hatt stor respekt for dykkar etat. Men eg kjenner, at når de brukar mykje ressursar på å oppretthalda ulovleg arbeid, så vert respekten for dykkar etat noko tynnslitt. Politiet sin «Haramsøyaksjon», er jo heller ikkje med på å betra denne tilliten.

Me i «Hersdalsgjengen», ynskjer å ha eit godt forhold til alle. Me legg vekt på å vera høflege og greie med arbeidarane i Hersdalen. Dette gjeld sjølvsagt også dine kvinner og menn i politiet. Dei siste dagane, har utbyggjar starta opp på arbeidet i eit område, der konsesjonspapira seier at dei først kan starta 1.august. No har dine folk ein glimrande anledning, til å spela på lag med naturen og oss i «Hersdalsgjengen». Ta tak i dette lovbrotet, og de vil vera med å reparera ein tynnslitt tillit.

Til dykk andre som les dette, og som har lyst til å støtta «Motvindarbeidet», meld dykk inn i MOTVIND NORGE i dag.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags