Åtvaring: Den rosa faren.

Av
DEL

Leserbrev ÅTVARING : Den rosa faren.

Du har sikkert lagt merke til dei store, fine rosa plantene som blømer så vakkert nå, ofte langs vegkantane, og det vert stadig fleire av dei, for få år sidan var dei knapt å sjå. Planta heiter GEITRAMS.
Men det som du kanhende ikkje veit, eller tenkjer over, er at dette er eit av dei verste ugrasa me har. Når dei har blomstra av, set dei frø i uhorvelege mengder, frø som fyk langt med vinden. Det ser mest ut som snøbyger på det verste.Og ikkje nok med det, den er eit rotugras, det betyr at ein liten rotbit som er att når du har luka planta bort, er nok til å laga ei ny stor plante, ofte opptil eit par meter høg. I Haugesund kan ein sjå store
felt av planta rett ved sida av hagesenter, og i NRK i program om fine hagar står dei rett ved sida av. Då då kan ein lett få ei ekstra geitramsplante med heim på kjøpet, som viser seg fram neste år.
Sprøyte vil ein helst sleppe, men ein kan kontrollere eller rydda ut planta
ved hindra den i å setja frø, riva vekk plantene så snart ein ser dei, og til slutt vert den då utmatta til daude, men det kan ta tid.
Litteraturen seier at planta kan brukast til matnyttige ting, men det er ei anna sak.

Reidar Kolltveit , gartnar emeritus

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags