«Det vi alle vil» - Svar på åpent brev i saka om fritidstilbod for ungdom i Tysvær

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er kjekt å oppleve at mange engasjerer seg for gode tilbud til Tysvær sine ungdommar. Det lovar godt både for å få til gode prosessar og å finne gode løysingar som kan bli til glede og utvikling for unge i vår kommune.

Politikarane ynskjer å være framtidsretta, det er nett det som er årsaka til at vi ynskjer å utvikle tilbud til unge i tida framover, har sett i gong prosessar og gjort vedtak for den tidlege fasen av arbeidet. Vi veit at Tysvær treng unge menneske som likar seg her, som har det bra og som ynskjer å etablere seg sjølv i kommunen med sine eigne ungdommar, etter kvart.

Det har vore demokratiske prosessar i forkant, og det kjem det til å være videre, det står spesifikt i pkt.3. Ungdomsrådet har arbeida med dette i eigne samlingar, og lagt fram si innstilling. Dei tala også til kommunestyret i møtet, og la fram saka på ein forbilledlig måte. Vi må vare oss for å redusere Ungdomsrådet sine synspunkt, fordi det ikkje var einstemmig vedtak. Like fullt har det vore demokratiske prosessar, og det er utgangspunkt for at ein arbeidar vidare. At det er ulike syn viser at det er engasjement og at det vi held på med er viktig. Ulike syn kan være ein veldig god spenst om vi samarbeidar og utviklar i lag, då kan vi ta opp i oss det beste frå alle kantar. Råd for personar med funksjonsnedsettelse har også bedt om å få være ei del av det videre arbeidet for å sikre bredt fokus og inkludering av personar med funksjonsnedsettelse som brukargrupper med ADHD, psykiske vanskar, bevegelseshemming, syns- og hørselshemming.

Ordlyden i vedtaket skal sikre at vi oppnår det vi alle vil – at det er godt å leve og vekse opp i heile Tysvær kommune.

Eg finn det nødvendig å presisere dette, for når eg les det åpne brevet tenkjer eg at dette kanskje ikkje har nådd ut til alle. Allereie i Skulebruksplanvedtaket hadde vi framsynte tankar for korleis vi kunne tenkje heilskapleg, fleirbruk, god ressursnytte og fekk difor dette inn i vedtket der. I vedtaket frå siste kommunestyre refererer vi til vedtaket i Skulebruksplanen, i punkt 4.

1. Kommunestyret vedtar at fritidsklubben Avanti på Frakkagjerd vurderes bli lagt ned og at nytt fritidstilbud for ungdom opprettes i Aksdal.

2. Endelig vedtak for tidspunkt, lokalisering og økonomi blir gjort i økonomiplan.

3. Driftskonsept blir utviklet i prosesser sammen med ungdomsrådet og andre relevante instanser og går som orienteringssak til levekårsutvalget

4. Arbeidet med utvikling av nytt fritidstilbud for ungdom må ses i sammenheng med vedtatt punkt 3 i PS 41/20 Skolebruksplan 2020-2035, Framtidas skule.

I det siste punktet ber vi rådmannen om å sjå utvikling av moglege fleirbruksløysingar på Frakkagjerd ungdomsskole i samanheng med utvikling av nytt fritidstilbud. Partia i koalisjonen, Ap, Sp og KrF, har i sitt samarbeid lagt særleg vekt på samskaping, bærekraft, inkludering og verdiskaping. Vi arbeidar for at dette skal vektleggast i alt arbeid i kommunen. Her inngår også samarbeid med lag og organisasjonar.

Det forventar vi også skal være ein del av det vidare arbeidet med utvikling av fritidstilbod til unge i vår kommune. Verken koalisjonen eller KrF-gruppa seier at vi har svara på korleis resultatet skal bli. Det arbeidet skal skapast fram av dei som er relevante i saka, ungdommane inkludert.

Kommunestyret har satsa på Frakkagjerd med fotballbanar og skatepark. Vi ser og behov for all-aktivitetsrom knytt til ungdomskule, og lokalar for meir enn idrett. Difor løftar koalisjonen ungdomsrådet sitt arbeid med å sikre eit lokale som ikkje nødvendigvis er knytt til organisert aktivitet, som ungdommen kan drive i lag med frivillige. Vi vil ikkje legge ned nokon Avanti, før noko anna godt har vakse fram, i samarbeid med alle dei gode kreftene som kvar dag betyr mykje for einskildpersonar og samfunn, både her og der.

For KrF har vedtaket aller mest vore eit konseptval for korleis vi skal tenkje om fritidstilbod framover. Vi trur at det er nødvendig å tenkje nytt, i lag med ungdommane, i lag med lag og organisasjonar, i lag med generasjonar og i lag med eksisterande tilbod og ordningar.

Fritidshus som kan brukast av ulike aldersgrupper til ulike tider, og der ulike aldersgrupper innimellom kan være samskapande i ulike oppgåver. Planlegg vi godt, og har mange med på laget kan vi kanskje også klare å få til gode synergieffektar i generasjonsperspektiv. Kva om den pensjonerte bilmekanikaren kunne være med å mekke moped, og ungdommen kunne hjelpe pensjonisten med å bestille heimkjøring av matvarer digitalt, fordi dei møttes på eit fritidshus, til dømes? Aksdal er eit knutepunkt, difor er det nyttig med eit fritidshus her. Tilrettelegging for ulike typar møteplasser er gode folkehelsetiltak. Innbyggjarar frå heile kommunen har eit forhold til Aksdal, og behov for fritidshus med rom for uorganisert aktivitet, slik forslaget prøver å synleggjere, kan være eit spennande svar på det.

Vi gler oss til det videre arbeidet med å utvikle fritidstilbud til unge framover.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken