Ein kriselov som set demokratiet på spel

Kristian Mateo Norheim, leder Rødt Haugaland.

Kristian Mateo Norheim, leder Rødt Haugaland. Foto:

Av
DEL

LeserbrevI samband med koronakrisa me er midt oppe i har regjeringa vald å kome med eit forslag om ny kriselov. Me er alle einige om at koronakrisa er alvorleg og at ein må gjera det som må gjerast for å kontroll så fort som råd er. Men me i Rødt Haugaland tenkjer at det er veldig merkeleg at regjeringa, og fleire parti på Stortinget, meiner dei må setja demokratiet til sides for å få styrt skikkeleg.

Om kriselova blir vedteken får regjeringa fullmakt til å vedta eigne føresegner og lovendringar utan å få dei godkjende av Stortinget først. Denne lova kan gjera at tiltak går raskare, men spørsmålet er om det ikkje då vil gå for fort?

Arbeidsmiljøloven er ei av lovene som regjeringa kan bryta med om kriselova blir vedteken. Regjeringa skriv i utkastet sitt at fleire yrkesgrupper kan måtta endra på reglane sine om overtid, arbeidstid per døgn og veke, krav til kviletid og fri på søndagar og helligdagar. Slik me i Rødt Haugaland tolker dette vil ikkje desse arbeidarane få auka løn for arbeidet. I dokumentaren «Coronavirus», som ligg på NRK TV, ser ein døme frå Kina kor mange arbeidarar på sjukehus blir sterkt overarbeida, men ikkje får lov til å stoppa.

Det er sjølvsagt eit «worst case»-scenario. Men viss Stortinget gjer eit hastevedtak om å godkjenna kriselova utan god diskusjon i forkant, kan det fort bli sanning om krisa veks seg stor nok.

Det står riktig nok at regjeringa vil ha eit tett samarbeid med fagrørsla i desse aktuelle yrka. I slike tider, kor alle skal stå saman, er det difor viktig at regjeringa held seg til dette og tar til diskusjonar med tillitsvalde om utvida rammer for yrkene. Diverre er det slik at ikkje alle er fagorganiserte og har tillitsvalde i ryggen. Difor oppfordrar me i Rødt alle til å fagorganisere seg slik at ein står sterkt i eventuelle slike krisesituasjonar! Det har òg kome sterke reaksjonar frå fleire juristar på at ein vil setje til side maktfordelingsprinsippet og setje heile rettsstaten på spel. Ein fare ved å setje alt anna til side er at regjeringa kan bruke fullmakta i mykje større grad enn nødvendig. Kvifor? Fordi dei då ikkje treng diskutera sakene i forkant med andre enn seg sjølv.

Det er lagt inn i kriselova at Stortinget kan stansa avgjerder frå regjeringa om berre 1/3 av Stortinget stemmer for det. Regjeringa ynskte i første omgang at kriselova skulle vare ut 2021 (!). Dei meiner tydelegvis at krisa kan bli verre enn no og vare lenge. Då kan ein jo òg sjå for seg ein situasjon kor Stortinget ikkje kan møtast, og kan ikkje Stortinget møtast kan dei heller ikkje stemme ned ei eventuell avgjerd dei er ueinige i. Difor bør det leggjast inn i lova at Stortinget kan stoppa avgjerder sjølv om dei ikkje kan møtast.

I Rødt Haugaland meiner me at alle parti skal stå samla og ta diskusjonen om kva som er best for Norge saman. Krisepakke del 1, som blei lagt fram tidlegare denne veka, var eit godt resultat av at alle deltok i diskusjonar. Erna Solberg snakka nesten som ein sosialistisk leiar om at me måtte stå saman i desse tidene. Men med kriselova vil ho og regjeringa gå ut og vera åleine om å styra - er det å stå saman? Skal me gå så lett bort frå demokratiske prinsipp i kriser? Eller skal me heller gjera demokratiet til styrken vår i krisesituasjonar? Eg meiner det siste alternativet er det rette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags