Framtida står opp mot rasisme

Kristian Mateo Norheim

Kristian Mateo Norheim Foto:

Av
DEL

LeserbrevDei siste dagane har demonstrasjonane mot rasisme og politivold blitt veldig omdiskuterte, men diverre ikkje slik eg hadde håpa. Demonstrasjonane har fått enorm merksemd, men på feil grunnlag. For kor mange har eigentleg diskutert rasisme? Det verkar som det er få. Dei aller fleste har krangla om det var rett eller ikkje å ha demonstrasjon i desse tider.

Eg har full forståing for at nokon har vore svært skeptiske til demonstrasjonane på grunn av folkehelsa. Eg meiner likevel det var rett å la demonstrasjonane gå fordi smittetalet dei siste vekene har vore enormt lågt. Oslo er ein ting, men her på Haugalandet har det nesten ikkje vore nokre smitta på lenge. Dei aller fleste som demonstrerte i Haugesund var ungdommar. Ungdommar som går på skule i lag, kor det no ikkje er restriksjonar lengre. Mange av dei hadde masker og antibac. Tida vil visa om det blir noko auke etter dette, men sjølv Nakstad frå FHI sa på NRK at faren for auka smitte etter demonstrasjonane var låg.

Drapet på George Floyd i USA gjorde at begeret blei fullt for mange. Nok var nok. Rasisme er eit alvorleg samfunnsproblem - eit problem som er skilnaden på liv eller daud for nokon. Rasismen finn me over heile verda, også i Norge. Difor er det så viktig at me tar kampen, snakkar om problemet og finn løysingar på det. Diverre har ikkje alle skjønt dette.

Dei siste dagane har eg følgt debatten på sosiale medier. Ikkje debatten om rasisme, men om demonstrasjonen var riktig å ha eller ikkje. Det er ein ting eg har reagert på. Mesteparten av dei som meiner demonstrasjonane har vore feil - og at alle som deltok er «idiotar» og det som verre er - er kvite, eldre menn. Kvite menn som ikkje kjenner rasisme på kroppen. Kvite menn som ikkje veit korleis skjult rasisme føles, eller kanskje har tenkt over at det i det heile tatt eksisterer.

Dei fleste eg har sett gjennom sosiale medier «støtter bodskapen» i demonstrasjonen. Fint det, men kan dei ikkje då delta i kampen mot rasismen i staden for å setje eit negativt fokus på alle som no har vore på demonstrasjon mot rasisme?

Eg har til gode å sjå ein ungdom eller ein mørkhuda person skriva at å halda demonstrasjonane var feil. Det trur eg ikkje er tilfeldig. Det er naturleg at alle som har kjent rasisme på kroppen støttar opp om kampen og viser at ein ynskjer ei anna framtid. Samstundes gir det håp når ungdom står framst på barrikadane. For rasisme er ikkje noko me kan akseptera, sjølv ikkje under ein pandemi. Dette viser at det er ungdom som forandrar verda! Og difor vil eg sei takk til dei unge. Takk for at de er vaksne nok til å forstå og villige til å gjera noko med problemet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags