Frp sviktar dei permitterte!

Kristian Mateo Norheim

Kristian Mateo Norheim Foto:

Av
DEL

LeserbrevNorge står midt i ei av dei største økonomiske krisene i historia. Mange er permitterte, og folk fryktar for framtida si.

I dag kan ei bedrift permittere tilsette i 26 veker. Rødt har komme med følgjande forslag på Stortinget: «Stortinget ber regjeringa utvide permitteringsperioden til 52 veker.»

Grunnen er enkel. For dei arbeidstakarane som blei permitterte rett etter at Norge stengde ned, endar dei 26 vekene før Stortinget er tilbake frå sommarferien. Viss arbeidsgjevar ikkje har økonomi til å ta den tilsette tilbake innan dei 26 vekene, er alternativet oppseiing. For mange vil dette bety at varsel om oppseiing kjem no i sommar, og dei vil brått stå utan arbeid.

Rødt sitt forslag blei stemt ned den 19. juni. Frp var mellom dei som stemte mot forslaget, og med det støtta regjeringa i å ikkje ta ansvar for dei permitterte. I dagane som følgde sa Frp at dei kanskje var for forslaget likevel. Bjørnar Moxnes bad då presidentskapen på Stortinget om å kalla Stortinget tilbake frå ferie, for å stemma over forslaget på nytt. Men den gong ei: Frp ville ikkje komme tilbake til Stortinget éin dag for å stemme for forslaget.

I media lèt Frp i kjent stil som om dei vil hjelpa folk, men når det gjeld på Stortinget stemmer dei mot arbeidsfolk. Frp vil altså ikkje vera med på å bidra så dei permitterte får tryggleik gjennom sommaren.

Ved permittering kjem arbeidstakarane tilbake til dei same lønns- og arbeidsvilkåra dei hadde før permitteringa. Men viss du først blir sagt opp og må søke jobb på nytt, vil nytilsetjinga kunna vera på andre arbeids- og lønnsvilkår enn du hadde opphavleg. Når mange er utan jobb vert presset nedover på arbeids- og lønnsvilkår sterkt. Særleg folk i lågtlønt yrke vil merka presset. Skilnaden for arbeidstakarane mellom å komme tilbake frå permittering og å måtta søke jobb på ny er enorm.

Det er eit svik frå regjeringa å ikkje umiddelbart utvida permitteringstida til 52 veker. Frp kunne ha forhindra regjeringa si politikk, men gjer det ikkje. Det er ikkje noko nytt — Frp tek jamleg til orde for å svekke arbeidstakarane sine rettar.

Høyre og Frp endra arbeidsmiljølova i 2015. Då fjerna dei hovudregelen om forbod mot midlertidige tilsetjingar i den ordinære verksemda til ei bedrift. Dette opna for utstrekt bruk av midlertidige tilsetjingar, og ein sterk vekst i bemanningsbransjen. Langt fleire arbeidstakarar må stå med lua i handa og håpa på meir jobb utan klare rettar.

Meir nyleg, i mars 2020, støtta ikkje Frp forslaget om å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår til sjøs.
Frp si vingling i arbeidslivsspørsmål er ikkje noko nytt, og dei sviktar dei som sit nedst ved bordet kvar gong.

Alt i 2015 tok Rødt initiativ til ein kampanje mot midlertidige tilsetjingar rundt om i landet. Me har jobba for norske lønns- og arbeidsvilkår på sjø og land og for utviding av permitteringstida under koronakrisa.

19. juni 2020 fremja Rødt òg eit forslag om at: «Stortinget ber regjeringa sikre at alle arbeidsledige som ikkje har fått innvilga lønnskompensasjon eller dagpengar i løpet av første halvdel av juni, får et umiddelbart forskot på 20 000 kroner. Dette forskuddet skal ikkje føre til trekk i andre ytingar frå Nav enn lønnskompensasjonen og dagpengar, eller krevjast betalt tilbake.» Nok ei gong stemte FrP og regjeringa mot at dei som ikkje har fått ytingane dei har krav på, skulle sikrast eit forskot.

Me i Rødt står på arbeidsfolk si side i praktisk politikk, det er umogeleg å forstå korleis ein kan stemme mot desse forslaga. Eg vonar alle arbeidsfolk hugsar kven som har løfta sakene deira gjennom heile stortingsperioden når valet kjem i 2021.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags