Gi barn og unge ein «raud knapp»

Av
DEL

LeserbrevEigne oppvekstvilkår kan opplevast ulikt frå barn til barn, frå ungdom til ungdom. For nokre byr kvardagen heime på større utfordringar enn det som er vanleg. Det kan vera ulike grunnar til det; sjukdom, vald, rus og anna. For desse barna fungerer ofte barnehage- eller skuledagen som ein pause frå det som tynger. Nå er barnehagar og skular stengt, og det som er vanskeleg er der heile tida.

Heldigvis kan me i desse dagar retta ei stor takk til dei mange lærarane og tilsette i ulike hjelpetenester som har eit særskild blikk for desse barna sine behov nå. Barn og unge vert kontakta, får støtte og oppmuntring og får høve til å gi signal om korleis dei har det. Samtidig er det barn som ikkje er kjent med at det er lov «å seie ifrå» eller korleis dei skal gjera det.

Rogaland SV deler uroa for denne barnegruppa og oppmodar difor kommunane til å:
— Sikra ei styrka ordning for barn, unge og vaksne som vil melda frå om uverdige tilhøve.
— Sikra at informasjon retta til barn og unge er synleg på skulen og kommunen sine nettsider, ulike sosiale media, læringsplattformer, lokalavis og anna.
— Sikra barn og unge enkle vegar inn til hjelpetenestene: E-postadresser, mobilnummer og liknande.
— Sikra sårbare barn høve til deltaking i ulike tilsynsordningar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags