Gjer din kommune kvardagslivet mogleg?

Av
DEL

LeserbrevKvardagsmeistring, habilitering og rehabilitering må vere berebjelken i framtida sine kommunale tenester. Aktivitet og deltaking gir eit bedre liv for den det gjeld – og det løner seg for kommunen.

Frå 1. januar 2020 er alle norske kommunar pålagde å tilby ergoterapi til sine innbyggjarar. Dei siste talene fra SSB viste at det var 83 kommunar som ikkje hadde dette på plass. Dekningsgrada av ergoterapeutar varierer og mykje mellom kommunane. Korleis er det i din kommune? Gjer den kvardagslivet mogelg for alle innbyggjarane, gjennom å tilby ergoterapi?

Ergoterapeutar bidreg til deltaking og inkludering i alle aldersgrupper, med kompetanse om samspelet mellom person, aktivitet og omgjevnader. Vi stiller spørsmåla: Kva kvardagsaktivitetar er viktig for deg? Korleis vil du delta?

Ergoterapeutar gjer menneske sjølvhjulpne, og i stand til å utføre sine viktige kvardagsaktivitetar. For eit barn inneber det for eksempel å delta aktivt i heim, skule og nermiljø, medan det for eldre kan innebere å leve lengst mogleg i egen bustad og i eige liv.

Kort og godt utløyser ergoterapeutar ressursar hjå enkeltpersonar, og dermed i kommunen. Dette såg og stortingsfleirtalet, og lovfesta ergoterapi som ein del av dei kommunale tenestene. Saman med alle gode krefter ønskjer vi og våre medlemmar å bidra til å utløyse ressursar og meir berekraftige helsetenester i din kommune.

Nils Erik Ness Gudrun Heggestad
forbundsleder Ergoterapeutene Regionleiar, Ergoterapeutene Vest

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags