Identifisering eller anonymitet i artiklar om straffesaker

Av
DEL

LeserbrevHA publiserte 08.06.20 (på nett) 2 artiklar som kan kategoriserast som økonomisk kriminalitet. Desse kom i papiravisa 08. og 09.06. Skilnaden mellom desse — i tillegg til at det ikkje er 2 saker som er like — er at i den eine artikkelen er tiltalte skildra som: «43 år gammal mann frå Etne, busett i Stavanger. tiltalt for grovt bedrageri». Den andre artikkelen gjeld eit konkursråka forretningskonsern der hovudfokuset er på ein tidlegare dagleg leiar/eigar med ulike styreroller som også er personleg konkurs og er under etterforsking av politiet etter melding frå fleire bustyrarar. I denne artikkelen er vedkommande (i tillegg ein sentral person til i det tidlegare forretningskonsernet) både namngjeven, med alder (her har nok HA teke litt godt i), men ikkje minst også presentert med foto — både i nettartikkelen, på framsida og inne i papiravisa. Eit par familiemedlemer/-relasjonar er også nemnde, men ikkje namngjevne i artikkelen. I ein oppfølgingsartikkel 11.06 er faksimile av avisframsida frå 08.06 + eit bilde og namn på omtala trykt endå ein gong. Her er også ei setning om at andre investorar som: « … ønsker i likskap med de andre avisa har vore i kontakt med, ikkje å ha namnet sitt offentleggjort.» noko HA respekterer. HA har tidlegare skrive om konkursar i konsernet og hjå den namngjevne, utan at eg har sjekka tidspunkt og detaljar i dette. Det står fram for meg som vanleg i artiklar om konkurssaker å namngje personar i ulike roller (dagleg leiar, eigar, styreverv), då dette er offentleg informasjon tilgjengeleg frå register i Brønnøysund. I straffesaker derimot, praktiserer media inkl. HA berre unntaksvis identifikasjon.

Ut frå artikkelen er denne saka no på veg frå å bli avslutta som konkurs, og har komme inn i ei straffesaksetterforsking. Dette ser ikkje ut til å ha fått konsekvensar for HA si identifisering.

Identifikasjonsvern for den omtala i er regulert i «Ver varsam-plakaten» — noko HA arbeider etter som trykt nedst på side 2 i papirutgåvene:
«4.7 Ver varsam med bruk av namn og bilde og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtalte i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særleg varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar, og i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngivast i eit rettkomme informasjonsbehov. Det kan til dømes vere rettkomme å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlege og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klar relevans til dei forholda som vert omtalte, eller der identifisering hindrar at uskuldige blir utsette for grunnlaus mistanke.»

Når det står at: «Identifisering må grunngivast i eit rettkomme (berettiget bm.) informasjonsbehov.» er dette å forstå som eit unntak frå hovudregelen. Her skal det då — før namn og bilde av vedkommande blei publisert på nett/avisframsida — ha blitt gjort ei vurdering frå avisa/redaktøren si side om ein skal identifisere. Eg lurer på kven av avisa sine lesarar — som ikkje allereie er involvert i det økonomiske oppgjeret — som har eit rettkomme informasjonsbehov for identifisering med namn og bilde i HA? Har ikkje involverte / pårørande fått stor nok påkjenning i denne saka med den identifiseringa som har blitt gjort før artikkelen 08.06? Det at identifisering med namn har blitt gjort i samband med tidlegare artiklar om konkurs — for ei viss tid tilbake, treng ikkje medføre at ein må halde fram med å identifisere den etterforska i ei etterfølgjande straffesak. Skulle ein vere i tvil må vel hovudregelen i form av tittelen på regelsettet: «Ver varsam» slå inn, slik at konklusjonen blir nei til identifisering. Media har stor makt, og det er viktig at dei er medvite sitt ansvar. Det er den 3. statsmakta (rettsvesenet) som er den dømmande makta, ikkje mediagapestokken. Kombinasjonen av Økokrim-tiltale og mediedekning blei i si tid for stor påkjenning for tidlegare helseminister Tore Tønne. Det hadde vore interessant å få innsyn i grunngjevinga for unntaket frå Ver varsam-regelen i denne saka frå HA si side.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags