Meir handling, mindre diskriminering

Av
DEL

Leserbrev§ 185 i straffeloven forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar retta mot nokon sin hudfarge, etnisitet, religion, livssyn, seksuelle legningar eller funksjonshemning. Sjølv om me har denne loven i Norge seier tross alt halvparten av innvandrarane og etterkomarane deira at dei opplever diskriminering her i landet. Kan me då sei at det ikkje bruker diskriminering i Norge? Og korleis kan me stoppe denne diskrimineringa?

Eg sjølv har ikkje opplevd diskriminering, kanskje fordi eg har vekse opp i Norge med norske foreldre, har blondt hår og blå auge. Derfor kan eg ikkje sjølv tenke meg korleis det må vere å vere redd for å gå ut på gata kvar dag. Nokon kjem kanskje frå eit land der det er krig, og har derfor måtte flykte. Trur du det då er så kjekt å kome til eit land der du blir får stygge blikk, eller blir kalla namn berre fordi du ser litt annleis ut og har ein annan etnisk bakgrunn? Det er jo ikkje folk sjølv som vel kor og kva slags familie dei skal bli født inn i.

Eg trur mykje av diskrimineringa i Norge kjem av at me brukar generalisering. Nokon eksemplar på dette er «alle innvandrarar er kriminelle», «alle muslimske kvinner blir undertrykket» og «alle homofile er synderar og har psykiske problema». Dei fleste veit at dessa utsegna ikkje er sanne, men likevel vil det alltid vere nokon som har problema med å forstå dette. Kva hadde du tenkt om folk gjekk rundt å lagde generaliseringar om deg på grunn av levemåten din og kva du trur på, som kanskje ikkje er rett? Alle innvandrarar er jo ikkje kriminelle, og homofili er ikkje eit psykisk sjukdom som gjer at alle homofile er synderar.

Vitskapen seier at alle menneske er ulike, men likevel er demokrati bygget på ideen om at alle menneske er like mykje verdt. Så det burde i teorien ikkje vert så vanskeleg å få ein stopp på dette. Det nytter ikkje berre å tenkje på at det finnes diskriminering. Me må faktisk gjer noko for å ta knekken på den, men korleis kan me gjer detta?

Eg trur også at diskrimineringa kjem frå at me er redd for det som er framand for oss. Derfor diktar me opp svar på ting me ikkje veit noko om, og startar å hata på dei tinga. Så med å faktisk spørje om det me lurar på, hadde me kunne sloppe unna mykje av dette. I tillegg må folk svara på dessa spørsmåla, uansett kor dumme dei kanskje er.

Diskriminering er ikkje berre noko som finnes. Det er ikkje berre noko som er meint til å vere blant oss. Det er jo folk sjølv som seie og gjer noko som nokon andre oppfattar som diskriminerande. Som sagt seier vitskapen at alle menneske er ulike, men demokrati handlar om at alle menneske er like mykje verdt. Så kvifor er diskriminering eit problem nokon må oppleve, ettersom sjølv om me alle er ulike, så har alle same rettigheit. Nemleg rettigheita til å vere deg sjølv, å leve eit fritt liv.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags