Gode kommune - sats på realfag!

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Haugesunds Avis digitalt i 5 uker for 5 kr!

LeserbrevRundt om i landet er det no om lag førti kommunar som har fått status som realfagskommunar, av desse er det berre Tysvær kommune og Karmøy kommune i vårt distrikt som har fått denne statusen.

NITO (Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon) i Nord-Rogaland og Sunnhordland er glade for at regjeringa har teke ei ny runde med kommunane og at det no er sendt ut ny invitasjon til deltaking i realfagskommune opplegget.

Realfagskommunar er ein sentral del av den nasjonale realfagsstrategien «Tett på».

Kommunane som er med, arbeider heilskapleg med realfaga frå barnehage og ut grunnskulen. Målet er at barn og unge skal bli enda bedre i naturfag og matematikk. Som realfagskommune vil kommunane få fagleg og økonomisk støtte til nettverksarbeid og arbeid med lokal strategi.

Kunnskap og teknologi er det vi skal leve av i framtida. Vi treng fleire gode og inspirerte elevar som for lyst til å satse på teknologi og ingeniørfag for å bygge både Vestlandet og Noreg vidare.

NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland utfordrar difor alle kommunane i vårt distrikt til å søke på å bli realfagskommune. Fristen er 1. april. Gode kommune - no er tida inne for å satse på realfag!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags