Kor mykje må dyra lide før det er nok?

Kristian Mateo Norheim

Kristian Mateo Norheim Foto:

Av
DEL

LeserbrevNok ein gang har ein gard med fleire hundre dyr, i dette tilfelle grisar, har brunne inne og døyd. Dette har diverre skjedd fleire ganger i Norge. Kva gjer bønder og politikarar for å sikra at dyra i landbruket har høve til å overleva slike hendingar?

Det er mykje som kan snakkast om når det gjeld dyrevern i landbruket. Kun ein ting er sikkert: Det er mykje kjensler ute å går når ein snakkar om dyrevern. Frontane er harde. Difor skal eg no prøva å holda ein sakleg tone, for det er noko som er større enn alle våre meiningar i saka. Det er liva til dyra.

Eg trur me alle kan vera einige om ein ting og det er at alle dyr fortener eit trygt og godt liv kor dei er fri frå smerte og redsle. Korleis ein oppnår dette er derimot mange ueinig i. Eg meiner utviklinga av landbruket dei siste åra har gått i feil retning. Det blir meir og meir industrialisering. Det blir færre gardar totalt, og dei som er igjen blir større med fleire dyr. Korleis påverker dette dyra?

Landbruksministeren sa frå talarstolen på Stortinget i februar at: «dyrevelferd er eit kompromiss mellom tid, økonomi og effektivitet». Det er vell ingen tvil om at det er det siste som blir prioritert mest. Dyra blir diverre behandla som eit produkt som skal bli produsert på raskaste og billigaste måte. Dette gjeld spesielt gris og kylling.

Eg meiner utan tvil at det blir gjort for lite frå politikarane for å sikre god dyrevelferd i industrien. Kor ofte må ein lesa at dyr har brunne inne i eit fjøs og døyd før ein set inn tiltak? Kor mange dyr må leva med skader og i redsle før det er nok?
Dette er viktige sakar ein er nøydd til å diskutera og finna gode løysingar på snarast.

Spesielt før Stortingsvalet i 2021 bør dei fleste partia ha teke stilling til dyrevern, både i landbruket og i andre samanhengar. Mange unge er opptatt av korleis dyra har det, så ein kan ikkje lengre berre ignorere det. Dei aller fleste bønder er også opptatt av at dyra skal ha det godt, men har ikkje råd eller høve til å drive over «minstestandarden» for dyrevelferd i Norge. Dette må ein endra på!

Haugalandet Rød Ungdom har invitert Norun Haugen, kjend frå Brennpunkt-dokumentaren «Griseindustriens Hemmeligheter», til Haugesund for å helde eit foredrag. Ho kjem 12 august og møte er ope for alle, men eg utfordrar spesielt dei lokale politikarane til å møte opp og vise at dei tar dyrevern på alvor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags