Villaksen, egoisme og dobbeltmoral

Av
DEL

LeserbrevVillaksen, egoisme og dobbeltmoral

I den seinare tida har ein kunne sett på TV og lest mykje om villaksen i aviser og tidsskrifter. Det siste nye er at nå ynskjer ein at all beskatning av villaks og sjøaure skal skje i elvane og forvaltast av elveeigarane.

For oss som tradisjonelt har fiska på desse artene i sjø må dette nærast kunne reknast som ei krigserklæring. Det vert hevda at laksen er elveeigarane sin eigedom og bør forvaltast av desse. I tillegg blir det satt fram påstandar om at det er her fisket har foregått og at det er ei stor verdiskaping grunna dette fisket. Dette er kun snakk om egoisme for å få hand om ein av felleskapets ressursar for eigen forlystelse.

Bestandar av laks og sjøaure er og blir ein nasjonal ressurs. Der alle som bur i Noreg har rettar på lik linje. Over tid har dei som tradisjonelt fiska i sjø blitt fråtatt sine moglegheiter for fiske. Dette grunna med at bestandane må få tid til å byggje seg opp igjen. Kva hjelper dette når elvefolket fiskar den så snart den går i elva for å gyte? I tillegg er de frekke nok til å stå fram i media og sei at det er dei som jobbar for å redde og ta vare på desse bestandane. Dette er kun snakk om dobbeltmoral og om å tilrane seg verdiar som eigentleg tilhøyrer fellesskapet.

Tradisjonelt har den største delen av laksefiske foregått i sjø. Det vart nytta drivgarn, line, kilenot, laksegarn samt snøre og stang. At de nå ynskjer å ta frå sjøfiskaranes deira siste moglegheit for fiske i sjø, som er stang og handsnøre, viser innstillinga til elvefiskarane. Dette er kun for at dei sjølve skal kunne ta ut ein større del òg for at andre ikkje skal få sin rettmessige andel av vår felles ressurs.

Dei hevdar og at deira fiske skapar store ringverknader i lokalsamfunnet. Kven er det i utgangspunktet som er blitt fråtatt desse verdiane? Jo det er dei som fiska i sjø tidlegare. Dei har heller ikkje kunna utvikla ei næring rundt dette fisket då deira tradisjonelle fiske er blitt ulovleg for å stogge den negative utviklinga for villaks og sjøaure. Det er heller ingen som snakkar om den tradisjonen og gleda som sjøfiskarane er blitt fråtatt. Kva skal fastsetje verdien på dette?

I eit program på TV nyss kom det fram at kun ein av 20 laksar som går ut i sjø kjem attende til elva der han kom frå. Dette vil vel då sei det same som at ein kan fiska 20 laksar i sjøen for å tilsvara 1 laks i elva? Dette understyrker kor ufatteleg skadeleg det er å tillate fiske på disse drektige fiskane som er komen attende for å gyta. Det har passert alle hindringar på sin veg og det gjenstår kun å gyta for å reprodusere og føra slekta vidare. Er det ikkje naturleg at laksen bør få fred i si eiga fødestove? Sjølv rovvilt som plagar mange er freda på den tida dei formeira seg.

Eg, og mange med meg, er av den oppfatning at skal det nok ein gong reduserast i fisket så er det elvefisket som nå må ofrast. Folk tilknytt sjøfiske har ikkje meir å gi. Dei har nærast ofra alt sitt fiske så langt. I tillegg har dette og medført svært innskrenka fiske etter arter som til dømes makrell og sild. Då vil elvefiskarar og sjøfiskarar ha same moglegheiter til fiske i sjø. Ein kan ikkje fortsette slik som desse ressursane vert forvalta i dag. Det må bli like rettigheitar for alle til å beskatte ein felles ressurs. Ein kan ikkje akseptere at ein liten elite skal forvalte fisket kun for å sikre egne interesser. I tillegg er elvefiske ein av dei handlingane som verkar mest negativt inn på reproduksjonen i elvane. Freding av elvane vil bidra til at bestandane byggjer seg opp igjen raskast mogleg. Nå må me, som tradisjonelt har fiska i sjø, kjenne vår besøkstid og krevje at andre og må gi. Vi har gitt nok som det er.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags