Arrogant namneval

FEIL: Det er ikkje nytt at bergensarane har høge tankar om seg sjølve, men det er framleis feil å kalla det nye bergensdominerte fylket for «Vestlandet». Arkivfoto: NTB Scanpix

FEIL: Det er ikkje nytt at bergensarane har høge tankar om seg sjølve, men det er framleis feil å kalla det nye bergensdominerte fylket for «Vestlandet». Arkivfoto: NTB Scanpix

DEL

LederEit felles fylkesting for Hordaland og Sogn og Fjordane har vedteke at «Vestlandet» skal vera namnet når dei to fylka slår seg saman. Dette er eit arrogant og dumt vedtak. To av vestlandsfylka er ikkje med i den nye regionen. Da bør ikkje den midtre delen av det etablerte Vestlandet få lov å stela namnet frå resten av landsdelen.

Dette er same mentaliteten som når Stavanger Aftenblad kårar Rogalands beste, verste og så vidare, utan å løfta blikket over Boknafjorden. Eller når VG skriv at «Nå kommer finværet» når det blir varmt på Austlandet, men regn i vest og nord.

Mange meiner regionane i vest burde blitt noko anna enn slik det blir nå, men uavhengig av det, bør det vera opplagt at namnevalet, eller -ønsket, er uheldig.

I dag er Vestlandet fire fylke, og brått skal nesten halve arealet, med meir enn halvparten av folket, bli noko anna. Det blir forvirrande om me framleis skal snakka om landsdelen Vestlandet og regionen Vestlandet. Me kan skilja i Nordvestlandet og Sørvestlandet, men da må den nye regionen vera Midtvestlandet.

Vestlandet er heile sulamitten.

Språkrådet har òg peika på at det blir feil å kalla den store bergensregionen for Vestlandet, når Møre og Romsdal og Rogaland ikkje er med.

«Fjordane» var eit anna namneforslag. Det er betre. Da kan me framleis omtala landsdelen vår på ein fornuftig måte.

«Hordafjord» og «Gulafylket» er fleire forslag. Dei verkar kanskje framande nå, men så er det også ein ny region som blir konstruert.

Eit nytt namn med slike historiske og reelt geografiske koplingar er opplagt betre enn å tilrana seg namnet til ein heil landsdel, berre fordi det er kjent og folket i dei to fylka ser seg som vestlendingar. Vel det gjer me andre på Vestlandet òg. Ligg unna namnet vårt. Her må objektive politikarar skjera gjennom.

Me bur òg på Vestlandet. Ligg unna namnet vårt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags