Skakt, men oppegåande

RETT: Skakkesenteret er sikra vidare drift. Arkivfoto: Alf-Robert Sommerbakk

RETT: Skakkesenteret er sikra vidare drift. Arkivfoto: Alf-Robert Sommerbakk

DEL

LederDenne veka blei det klart at Etne kommune går inn og reddar Skakke-senteret. Kultur- og idrettssenteret har vert ei hard nøtt å knekka for politikarar og administrasjon.

Redningspakka er at kommunen garanterer for eit lån på over 30 millionar kroner, og ungdomsskulen i Etne flyttar inn i dei ledige skulelokala.

Kommunen kjøper ein del av arealet i Skakke-senteret og blir nå dominerande eigar.

Kenneth Karlsen i Frp var einaste i formannskapet som stemte imot. Ikkje fordi han ikkje vil at bygda skal ha senteret, men fordi han er utrygg på korleis det tunge økonomiske engasjementet slår ut for kommunen.

Dette er eit viktig aspekt som politikarane er nøydde til å ta omsyn til.

Samstundes har kommunen alt eit ansvar for bygget. Det er også vanskeleg å sjå for seg at dei flotte lokala vil kunne få ei forsvarleg drift utan større kommunalt engasjement.

Ein konkurs ville ha vert problematisk og skapt mykje uvisse. Nå tek kommunen ansvar og ein kan jobba vidare med å nytta det flotte senteret mest mogeleg og på beste måte.

Kultur- og idrettssenteret Skakke er trass problema ein skatt. Mange større kommunar manglar eit slikt senter. Under arrangement som Etne-cup blomstrar det, med gjester frå heile regionen. Ein kan diskutera om ein investerte over evne da planane blei lagde, men når anlegget er der, må det brukast.

Så er det nok slik at auka kommunale bindingar til senteret vil kunne gå utover anna. Mykje aktivitet må samlast på Skakke. Det kan andre bygder tapa på, men Etne er ikkje større enn at det er eit val ein må kunne leva med.

Alt i alt er det ei god løysing for innbyggjarane i Etne.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags