LESERBREV: Hau­ge­sunds Avis har dei sis­te da­ga­ne hatt opp­slag om mål­bru­ken ved Hau­ge­sund luft­hamn. Språk­rå­det vil gjer­ne avklara eit par punkt.

For det fyrs­te er det ikkje noko nytt at fly­plas­sen heiter Hau­ge­sund luft­hamn; det er nynorsknamnet, mens Hau­ge­sund luft­havn er bokmålsnamnet.

Det saka gjeld, er kva mål­form Avi­nor skal bruka i all­menn in­for­ma­sjon på fly­plas­sen. Grunn­la­get for å avgjera at den­ne målforma er ny­norsk, finn vi i mållova og ved­tek­te­ne til Avi­nor, slik Sam­ferd­sels­de­par­te­men­tet slår fast.

Ved­tek­te­ne sei­er at Avi­nor skal følgja prinsippa i mållova i kunderetta in­for­ma­sjon, og lova sei­er at institusjonar med eit avgrensa tenesteområde skal bruka fleirtalsmålforma i om­rå­det. Fleirtalet av kommunane i det som må reknast som tenesteområdet for Hau­ge­sund luft­hamn, er nynorskkommunar.

Det­te vil alt­så seia at Avi­nor må bruka den ny­nor­ske namneforma i skiltinga på fly­plas­sen, men òg i skiltinga elles og i an­nan skriftleg in­for­ma­sjon. Språk­rå­det ser fram til at det­te blir sett i verk.