Du må lære å elske deg sjølv før du kan elske nokon andre

Illustrasjonbilde.

Illustrasjonbilde. Foto:

Av
DEL

LeserbrevKroppspress er noko som blir skapt inni hovudet. Det kan sjølvsagt bli påverka av influsensere og sosiale media, men til sjuande og sist er det noko du skapar sjølv. Ein rapport som er gjennomført av Redd Barna sin ungdomsorganisasjon kjem med sjokkerande resultat. Rapporten visar at 68 prosent av jenter og 52 prosent av gutar vil endre på noko ved utsjånaden sin. Dette fortel oss at vi må gjere noko med tankegangen blant unge.

Sosiale media er ein stor plattform som visar fram «det perfekte». Unge byrjar med ein gong å samanlikne seg sjølv med lettkledde, retusjerte usanningar. Da er det kanskje ikkje så umogleg å tenkje seg til at kroppspresset hamnar i hovudet. Vi treng at unge forstår at alt som blir lagt ut på sosiale mediar ikkje er sanninga. Vi treng at unge forstår, forstår at influenserene tenar pengar på å legge ut bilete av seg sjølv og spons, og at dei nødvendigvis ikkje tenkar så mykje på ansvaret dei har ovanfor sine føljerar. Det å føle at ein ikkje er bra nok, at ein ikkje mestrar livet, det er inga god kjensle å leve med.

For å forklare dette meiner eg at helse- og skuletenestene må bli betre. Unge treng meir kunnskap om kropp, helse og sunn fornuft. At det blir betre undervisning om dette, at det er noko som skal prioriterast. Eg meiner det er viktigast at elevar på ungdomsskule og gymnaset får denne opplæringa. Det at jenter heilt ned til 12-års alderen sparer opp pengar til dei blir gamle nok, slik at dei kan operere puppane eller rumpa, er katastrofalt. 12 år gamle jenter skal ikkje ta slike standpunkt.

Kroppen påverkar toppen. Du ser ned på deg sjølv kvar dag, du blir aldri bra nok, aldri fin nok, aldri perfekt. Noko som alle må skjøne er at inga er perfekte, alle har nokon feil, men du må da lære å elske feila dine. Du må lære å elske deg sjølv før du kan elske nokon andre.

Ein må byrja med seg sjølv og sine eige tankar. Ei blanding av endring i egen tankegang, at influsensere og kjendisar er meir oppmerksame på kva dei legg ut og kva dei utset følgjarane sine for. For ein kan ikkje bare gjere noko med seg sjølv viss ein kvar dag vert på minna at ein ikkje er bra nok. Alle må ta ansvar, for sjølv om det ikkje påverkar deg så kan det påverka fleire tusen andre. 

Kjelder:

De Rosa, M (2018), Unge helt ned i 12 årsalderen vil endre på utseendet sitt,

https://www.dagsavisen.no/innenriks/unge-helt-ned-i-12-arsalderen-vil-endre-pa-utseendet-sitt-1.1121711

Johansen, M (2018), Krysspress og kroppspress

https://press.no/helse-og-utvikling/

Trine Rovik

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags