Ørneskyttaren vart frifunnen i retten

Av
DEL

LeserbrevViser til artikkel i Nationen den 28.03.2019.

Vil orientere om at ørneskyttar fekk medhald i retten ved å forsvare sauer med skyting av freda havørn. Synest det er greitt å orientere om slike gladmeldingar, i og med det at her blir vist at retten til å forsvare buskapen mot rovvilt kan praktiserast, og ein kan få rettens medhald.

Og det at Norsk ornitologisk avdeling meiner at det skal beskyttast en altfor stor ørnebestand som igjen gjer at det blir større fare for store lidingar for små fe og buskap (som i praksis blir avliva av ørneklør på veg til redet) gjer at dette ser litt ut som bypreg med avgrensa innhald.

I dei fleste tilfella blir det sett påstand om at dyret allereie var dødt, men eg må presisera at eigarforholdet og ansvaret til dyret er det same levande eller dødt.

Eg meiner at det å forsvare ein altfor stor bestand av rovfugl/rovvilt er vanskeleg å bortforklare som dyreplageri. Bestanden må avgrensast.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags