Kan me plis skjerpe oss!?

Av
DEL

Leserbrev«Faen så feite du e!» «Får du egentligt mat hima?» Dette er kommentarar så folk får slengt etter seg. Mange folk berre godtar det også. Det er akkurat som om samfunnet har bli til ein plass der det ikkje er rom for noko annleis. Tenk å skilje seg ut da? Tenk dersom nokon har litt meir feitt på kroppen? Eller tenk dersom folk er litt tynne, og ikkje så veltrente? Tenk kor gale det hadde gått! Tanken sjølv er jo skremmande.

Er det verkeleg blitt slik at dersom ein ikkje er fornøgd med kroppen vår så er det berre å gå ein tur ned på klinikken? Ein injeksjon er alt som skal til for å nå «sommerkroppen»? Er idealene i samfunnet våre så sterke at folk er villige til å leggje seg under kniven for nå den? Er samfunnet verkeleg blitt dratt så langt?

Uansett om man også prøver så godt man berre kan å vere fornøgd med kroppen vår. Presset frå sosiale medium står sterkt på heile tida, og man blir eksponert for bilde av «perfekte» kroppar. Dette gjer at dersom nokon er litt annleis enn desse «perfekte» kroppane, oppstår mobbing. Kommentarar blir slengt, og nokon gonger kan det virke ganske uskuldig, men det kan fort utvikle seg.

Mange ungdommar er naive, og blir fort usikre. Dei blir vist bilde av den «ideelle» kroppen kvar dag, og da blir man fort usikker. Du er 12,13,14,15,16 år gammal. Det er den tida du går over frå barneskulen, så over til ungdomsskulen, og vidare igjen til vidaregåande. Dette kan vere ganske skummelt for mange. Me har alle vert der. Så gjeld det å passe inn, finne din plass. Her kan ting fort utvikle seg. Eg har sjølv kjent folk som har opplevd eteforstyrringar, men nå er det jo slik, er det nokon som ikkje kjenner nokon som har opplevd det? Ifølgje statistikk viser det at 50 000 norske kvinner i aldersgruppa 15–44 år til kvar og ein tid har eteforstyrringar. 50 000 norske kvinner?! Det er jo heilt sjukt!

Så i staden for å sei «å så tynne du e» eller «fysøren så feit du e», så så bør me sei «å så fine du e». Kjære samfunn: Kan me plis skjerpe oss og berre godta at kvar og ein av oss er unike.

https://www.fhi.no/fp/psykiskhelse/psykiskelidelser/spiseforstyrrelser2/

Ragna Selliken Sletten – 16 år

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags