Gå til sidens hovedinnhold

Mann, som ein gong tok dampskipet til Haugesund og heldt foredrag på Totalen, fekk Nobelprisen i litteratur.

Artikkelen er over 5 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Haugesunds Avis i går kunne ein lese ein artikkel med følgande overskrift ”Mann født i Haugesund får Nordisk råds litteraturpris”. Det er greitt nok at Haugesunds Avis skriv ei sak om at Jon Fosse har vunne den litteraturprisen som heng nest høgast i Norden, men det som er mest gledeleg er at Jon Fosse er frå Haugesund! Eg som trudde han var frå Hardanger eller Bergen! På direkte spørsmål frå statsminister Erna Solberg så avvisar Fosse at dette var ein pris til Bergen, der han rett nok har både studert og arbeidd i mange år, og seier at dette er ein pris til Vestlandet. Viss prisen ikkje er til Bergen, må han vel vere til Haugesund?

Jon Fosse er ikkje den første som etter å ha gjort noko stort, blir haugesundar. Tvert om. Han føyer seg inn i ein lang tradisjon i Haugesund, nemleg snik-haugesundiering av storleikar med perifer tilknyting til sildabyen. Den første i rekka var kanskje Harald Hårfagre. Han var, i tillegg til å vere innehavar av den mest berømte hårmanka i europeisk historie, ein stolt haugesundar. Noregsvenen Keiser Wilhelm den andre av Tyskland var vel òg, inst inne, haugesundar, og at Marilyn Monroe hadde sildeblod i årene er heva over ein kvar tvil.

Og at det var foredraget Knut Hamsun heldt på Totalen i Haugesund i 1891, som i tur førde til at den då unge mannen seinare vann Nobelprisen i litteratur, er vel òg meir enn sannsynleg. Verket han fekk prisen for, Markens grøde, kan sjølvsagt lesast som ein allusjon til den føreståande konflikten om spikertelt på indre kai, noko som må seiast å vere særs imponerande, då denne konflikten framleis låg nesten hundre år fram i tid. Men som han sjølv sa, ”Om hundre år all ting glemt, foruten Haugesund” (etter minne). Dette at Hamsun (tok han namn etter Haugesund?) i si tid sendte Nobelprisen sin til den tyske propagandaminister Joseph Goebbels, og at denne blei brukt for å gi litt etterlengta etos til nazismen, var antakeleg noko Hamsun kom på etter at han forlèt Haugesund, det hadde såleis ingenting med oss å gjere.

Så det at Jon Fosse er frå Haugesund er særs gledeleg. Ein ting er i alle fall sikkert, Jon Fosse hadde ikkje vunne nokon som helst litteraturpris om han var fødd på sjukehuset i Odda, eller om han, gud forby, hadde grine sine første tårer på Kvinneklinikken i Bergen. Og for å parafrasere Fosse sjølv; nokon kjem til å kome (frå Haugesund) i framtida òg.

Kommentarer til denne saken