Avhengigheits skapande og farleg, men framleis vanleg

Av
DEL

LeserbrevEg meine at det burde bli eit forbod mot snus i offentlege bygningar som skular, idrettsanlegg, bibliotek og sjukehus. Snus er eit stoff som blir brukt som eit stimuli ved hjelp av stoffet nikotin. Det blir hovudsakeleg brukt av ungdommar og unge vaksne og det er fleire grunnar for at eg meine at det enten skal bli forbodet eller at det skal jobbast mot bruk og sal av det.

Den største grunnen som ofte blir brukt som hovudargument i tekstar mot bruk av snus er de helsefarlege biverknadar. Den største biverknaden av snus er at den er at det er avhengigheits skapande. Snus består av til saman 2500 kjemiske stoff og forsking har vist at mange av desse stoffa kan vere kreftframkallande. Andre helsefarar er hjarteproblem sidan nikotin får blodårene til å krympe og dermed må blodtrykket auke for å halde oppe blodsirkulasjonen. Dette aukar faren for hjarteinfarkt og gjer sånn at pulsen blir mykje høgare. Dette kan også skade kondisen og aukar faren for skadar i framtida.

Snus er også ekstremt mykje gris og spesielt på skular så blir brukt snus berre sloppe ned på bakken eller klistra under pulten. I handballhallen der laget mitt trener har eg merka at brukt snus blir kasta på banen, og på tribunen ligg det store mengder rundt om kring. Mange av dei som brukar snus tar ikkje omsyn til andre folk og i alle andre land er det forbodet å selje snus på grunn av dette. Eit eksempel er Tyskland, som gjorde snus ulovleg sidan snusarane ikkje tok omsyn og berre kasta det der dei ville.

Snus kan også vere farleg for miljøet og folk rundt dei som bruker det. Når folk kastar snusen ifrå seg så forventar dei at folk skal plukke det opp etter dei, men det er jo ikkje nokon som har lyst til det. Snusen blir liggjande og er med på å skade miljøet. Det er også fare for at eit barn eller eit dyr kan eta det og spesielt for eit barn kan dette vere farleg sidan dei kan få nikotinsjokk.

Det er fleire grunnar til at eg meine at snus bør bli forbode, men eg forstår at det ikkje er enkelt for folk som slit med å slutte, så dermed vil eg heller at det skal vere vanskelegare å kjøpe det, enten ved å eventuelt auke skatten eller å minske butikkar med sal av det. 

Amund Fausa

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags