Bomringane bommar!

Av
DEL

LeserbrevEg har følgt med politikarane i om lag 60 år.  Eg syns det er enormt skuffande og skremmande å oppleva mange av vedtaka dei har gjort.  Dette er berre blitt verre og verre.

Dei har blitt maktsjuke, arrogante egoistar som sikrar seg sjølve med høgare lønn, gullpensjon, frynsegoder, med tvilsam moral!  Snusk og omsynslaus framferd i 50 år.

Det er stortinget som har vedteke, og lagt til rette for bomringar og pressar dette på byområda. Sentrale politikarar manipulerer og lar dette skje, ein enorm urettferdig ekstra skatt som rammar tilfeldig.  Det er råskap utan omsyn, som treff verst dei med mindre inntekter. 

Inntektsskatt er akseptert som rettferdig, og betalast i prosent av brutto inntekt, slik at mindre inntekt får mindre skatt.  Og i prinsippet likt over heile landet.  Det som er igjen etter skatt, skal du ha til eige bruk (livsopphald).  Så kjem staten inn med meir og meir avgifter, og tar store deler av nettoen som allereie er betalt skatt for. Moms er ein slik skatt, men følgjer forbruket slik at det kan seiast å vera rettferdig. Bomfinansiering av ny bru eller tunnel har blitt akseptert til nedbetaling vert gjort.

Men bomringar er nytt, og overgår alt!  Det rammar tilfeldig den som bur på feil plass. Bur du utanfor ringen, har jobb, barnehage osv. også utanfor, slepp du å betala. Men bur du rett innanfor, kan det kosta deg over 30.000 pr. år, sjølv om du køyrer mykje mindre enn andre. Mange med same inntekt som deg og har mykje lengre årleg køyring, betalar ikkje noko i bom. Mange har ulike bilordningar, og slepp å betala bompengar sjølv, også private passeringar.

Næringsdrivande, politikarar osv. får bompengane i neste omgang dekka av hushaldningane/skattebetalarane som då får dette i tillegg til eigne bompengar!  Eineforsørgjar med 3 born som må bruka bil i bom til barnehage/skule, jobb og fritidsaktivitetar kjem opp i over 30.000 pr. år. 

Dette er rått, urett og totalt uakseptabelt, og det bryt med alle prinsipp om å bidra likt i samfunnet.  Det kan samanliknast med konfiskering av private pengar.  Dette er innført i Stavanger og Sandnes (og mange andre byar) og Haugesund planlegg det same.  Det svarar til 47.000 i brutto lønn og altså 16 % skatt av 300.000. For familie som har balanse i økonomien, og ikkje meir å gå på, er dette ein alvorleg smell.

Det er for eks. alle feriepengane, og familien får store problem og må vurdera å flytta frå heimen. Det kan føra til fleire born under fattigdoms- grensa som politikarane elles er opptatt av.  Det kan føra til depresjon og øydelagde familiar. Skulle f.eks. ordføraren betala bom i same forhold, ville det bli 16 % av 2.000.000 =320.000 pr.år!

Lokalpolitikarar som er med på dette, burde skamma seg!  Ordninga ikkje berre aukar politikarforakt, det fører til fortviling, meir og meir hat og sinne i heile samfunnet. Dette vil igjen føra til auka kriminalitet. Politikarane sentralt og lokalt har sjølv skuld i dette. Det er i strid med alt vårt samfunn har stått for, og det partia sjølv uttalar. 

Oddvar Gjerde

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags