Derfor har elevar sidemål

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner at det er gode grunnar for at alle nordmenn skal ha med nynorsk i bagasjen.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, meiner at det er gode grunnar for at alle nordmenn skal ha med nynorsk i bagasjen. Foto:

Av
DEL

LeserbrevSom leiar av Noregs Mållag ser eg at lektor Helge Kyvik i Haugesund går knallhardt ut mot sidemålskarakteren i Haugesunds Avis. Verst plar det vere når sidemålet er nynorsk, skriv han. «Det krev faktisk ein betydeleg arbeidsinnsats å lære å skrive eit brukbart sidemål i løpet av vidaregåande.»
Ja, og kva så? er mitt svar. Eg er «gymnaslærar» sjølv og veit at det krev ein betydeleg arbeidsinnsats å gjere det godt i alle fag på vidaregåande.
Ein underliggande tankegang hos sidemålsmotstandarane er at nynorsken er på vikande front, og at dette er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Ein elev på vidaregåande skule i Haugesund kan ende opp med å bli rådmann i Ål eller næringsdrivande i Sogndal. Eller kanskje ho eller han ikkje kjem lenger av garde enn til å bli lærar i Sveio? Elevar kjem til å flytte på seg i livet, og da vil mange av dei møte nynorsken over store delar av landet – nå som før.
Det er hundretusenvis av jobbar unge menneske kan få i dette landet der dei får bruk for nynorsk. For eksempel ved den nye, fusjonerte Høgskulen på Vestlandet og tingretten i Bergen. I næringslivet er nynorsk bruksspråket til alt frå store regionale verksemder som Dyrsku’n i Telemark til nasjonale og internasjonale bedrifter som Kleven verft. Eit reklamebyrå i Moss lagar reklame på nynorsk for Frydenbø bil på Sandane.
Eit tospråkleg land
Det Helge Kyvik og andre lærarar må vere bevisste på, er at dei skal førebu elevane på å leve og arbeide i eit land med to offisielle og sidestilte norske skriftspråk. Dette er slått fast i overordna språkpolitiske dokument frå Stortinget, spesielt i Språkmeldinga Mål og Meining frå 2007–2008. Der står det at det skal vere reell jamstilling mellom målformene. Resultatet ved siste stortingsval har styrkt nynorskens stilling blant stortingsrepresentantane. «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk», står det i Granavollerklæringa.
Dersom ein fjernar sidemålet, vil ein gjere dei elevane som har bokmål som hovudmål, dårlegare til å skrive nynorsk utan på nokon som helst måte å bøte på det massive tapet på kompetanse i skriftleg nynorsk som da vil råke samfunnet. For målet med sidemålsundervisninga er ikkje å gjere elevane glade i nynorsk og bokmål. Det er å gi dei den kompetansen samfunnet treng i begge språka. Målet med fysikkundervisinga er ikkje å gjere elevane glade i fysikk, men å gi dei grunnleggande kompetanse i fysikken sine lover. Så er det sjølvsagt fint om dei blir glade i fysikk på vegen, men dei aller fleste blir ikkje det. Det er heller ikkje sett på som eit veldig stort problem.
For at dei som nyttar mindretalsspråket skal ha retten til å bruke og møte skriftspråket sitt, må også fleirtalet få opplæring i det språket slik at dei kan både skjønne det og ta det i bruk der det er demokratisk bestemt at det skal brukast. Og utan karakterar blir læringa dårlegare.
Elles auka talet på elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen i Rogaland med over 200 i siste skuleår, og da gjekk også nynorskprosenten litt opp i fylket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags