Eit Skattkammer med Kinder-effekt

Av
DEL

LeserbrevEi nedlegging av populære Skattkammeret vil vere eit tap for Haugesund som by, -både med omsyn til miljø, utjamning av sosiale skilnadar og fritidstilbod for born og unge.

Å kunne låne sportsutstyr på same vis som du lånar ei bok, slår tydeleg an hjå folk i Haugesund. Auken i utlån på heile 115 % frå 2016 til 2017 understrekar dette. Me har sjølve nytta oss mykje av Skattkammeret i vinter. Med ungar som veks ut av skiskoa nesten før sesongen er omme, har det kjentest særs meiningsfullt å kunne låne i staden for å kjøpe nytt kvart år. Lange køar av born og foreldre inne hjå Skattkammeret på ettermiddagstid, har signalisert at me ikkje er åleine om dette.

Omsynet til miljø, er eit av fleire gode argument for bevaring av Skattkammeret. I ei tid der me leitar etter måtar å redusere klimaavtrykket vårt, viser ein studie publisert av NTNU i 2015, at å redusere talet på ting me kjøper, er langt viktigare enn å slå av lyset eller dusje kortare. Landa med høgast forbruk, har 5,5 høgare miljøbelastning enn verdsgjennomsnittet. Noreg er eit av desse landa. Dess fleire ting me kjøper, dess meir vert produsert og dess større utslepp får me. Ergo er utlån og deling av skiutstyr og anna eit godt tiltak for miljøet. 

Minst like viktig er det sosiale argumentet. Barnefattigdomen i Haugesund har auka dei seinaste ti åra. I 2016 levde 10,8 % av borna under 18 i låginntektsfamiliar. Dette er ein 75 % auke frå 2006. Samstundes veit me at det er eit aukande klasseskilje i borne- og ungdomsidretten i Noreg. Høgare kontingentar og eit stort kjøpepress på utstyr, ekskluderer i veksande grad born frå låginntektsfamiliar. Dette er særs uheldig, då idretten og kulturtilbodet til unge er ein viktig møtestad utanom skulen. Her får born og unge møte kvarandre på andre arenaer enn i klasserommet, utvikle ferdigheiter og få sosiale band. Gratis utlån av utstyr hjå Skattkammeret er difor særs viktig i inkluderinga av dei som elles ikkje hadde hatt moglegheit til å delta på desse arenaene.

Då Skattkammeret sine fritidstilbod i tillegg ser ut til å vere eit populært supplement til fritidsaktivitetar elles i byen, har dette lokalet ein trippel effekt! Det er eit godt miljøtiltak, eit viktig tiltak for å utlikne sosiale skilnadar og ein kjærkommen stad å vere for unge.

Det skal opp til vurdering i formannskapet onsdag om Skattkammeret skal få deler av midla som ligg under barnefattigdomsmidla til kommunen. Eg håpar inderleg at politikarane ser gevinsten i å halde oppe dette tilbodet. Vil det ikkje vere langt dyrare å leggje det ned, for så å eventuelt byggje det opp att på eit seinare tidspunkt? Her snakkar me om eit særs velfungerande og populært tiltak med positive gevinstar på fleire nivå.

Om ikkje kommunen kan trå til, håpar eg at næringslivet kan bidra. Først og fremst for i år, men aller helst som ein stabil støttespelar framover. Det må vere krevjande for drivarane å halde motet oppe, når ein ikkje veit om ein får statlege bevillingar frå år til år. Så, om det er ei eller fleire bedrifter som ynskjer å bidra til miljøsaka, til å jamne ut dei sosiale skilnadane i byen og styrke fritidstilbodet til born og unge, har Skattkammeret reine Kinderegg-effekten!

Inga Klokkerstuen Wangensteen

Haugesund

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags