Er 16 år modne nok til å stemme

Av
DEL

LeserbrevDet har i fleire år blitt diskutert om 16-åringar skal få stemmerett i Noreg. Det blei til og med gjennomført eit prøveprosjekt der somme 16-åringar fekk delta i valet. Spørsmålet er om politikarane synest ungdommar er klar for dette, og om det verkeleg ein god ide å la så unge menneske stemme. Eg er heilt i mot at ungdommar skal få stemmerett, fordi ungdommar bryr seg lite om politikk og vi veit lite fakta om partane.

Vi lærer ikkje mykje om politikk på skulen, og da meiner eg det er lurt å vente med stemmeretten til vi har fått lært mest mogeleg om dei forskjellige partane. Det er også mange unge som ikkje veit eingong kva dei forskjellige partia står for. Hadde eg fått stemmerett i denne alderen hadde eg ikkje hatt noko aning om kva eg skulle stemme på, og da trur eg det hadde blitt til at eg hadde stemt på det venane mine hadde stemt på, og det ikkje akkurat så veldig bra politisk.

Mange ungdommar ser på politikk som noko kjedeleg og nerdete, og ved å gi oss stemmerett, trur eg det er mange som ikkje kjem til å bruke stemma sin. Det kan væra fordi vi ikkje er interessert i politikk eller tar det ikkje så seriøst. Annen ting kan vere at vi vilje ha fylt minst og ikkje gidde å lesa om demokrati.

I 2011 blei det gjort eit forsøk der 16-åringar fekk stemme for aller første gang, og det var faktisk fleire 16- og 17- åringar som stemte enn 18 åringar. Men er det verkeleg ein god ide å la så unge menneske stemme? Nokre hevdar at 16-åringar skal få stemmerett fordi dei er ferdig med 10 års skule og har lært nok om samfunnet til å kunne stemme på politikarar, men har vi lært nok om kva politikk dreie seg om? Har vi nokk kunnskap kva dei partane står for?

Det er lurt å vente med stemmeretten fordi vi lærer ikkje mykje om politikk på skulen og vi veit ikkje kva de partane står for. Det er kanskje ikkje så lurt heller og la ungdommar stemme på partane de ikkje har noko kunnskap om, og det er ikkje så bra politisk. Eg er sikker på at ordninga me har i dag er det beste både for demokratiet og landet vårt.

Zahra Rajabi

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags