Etne - Haugesund 60 km/t sone?

Av
DEL

LeserbrevPå veg frå Etne til Haugesund registrerer eg nok ein gång justering av fartsgrensa frå 80 km/t ned til 60 km/t!
Er ikkje nedjustering av fartsgrensa rimeleg løysing på ein stor utfordring for E-134? Det kostar ikkje stort å endre skilta i staden for utbetring av vegen eller andre forhold som er grunn til nedjustering av fartsgrensa.
I dag brukar ein like lang tid frå Etne til Haugesund som eg gjorde på 1970 talet. Dette er klart ein stor utfordring for dei som dagleg pendlar til og frå Haugalandet på jobb.
Nedjustering av fartsgrensa er og ein dårleg miljøgevinst sidan ein lyt bruka lenger tid på strekninga.
Ny gangsti mellom Ølen og Ølensvåg er under etablering. Er det lagt til grunn i planane at E-134 skal få 80 km/t, eller vert det tilsvarande strekninga i Øvre Vats 60 km/t?
Viktig prioritering for det politiske apparatet lyt vera å sikre ein effektiv og sikker E-134 mellom Etne og Haugalandet der køyretida kunne halverast. I Etne vart grensa sett ned til 40 km/t i staden for å lage sikker kryssing av vegen for gåande med over eller undergang.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags