Få polvarer i butikkane

NEI TIL POL: Innsendar vil ha ny alkoholpolitikk.

NEI TIL POL: Innsendar vil ha ny alkoholpolitikk.

Av
DEL

LeserbrevViser til mitt tidlegare innlegg om den måten vinmonopolet favoriserer alle kjøpesentera rundt om i landet, slik at andre næringsbedrifter i nærleiken ikkje får ta del i det trekkplasteret naturlegvis vinmonopolet gir kjøpesentera.

Underteikna vil føreslå at vinmonopolet avskaffar dagens gammaldagse ordning som byggjer på ein openberre dominans, som også nokon meina har ein udemokratisk politisk framstilling. Som eks, avhaldsbevegelsen og småpartiet Kristeleg Folkeparti har fått lov og styre etter deira egoistiske og tronge syn. Som eks, dette: Gardinene i butikkane går igjen kl. 20.00 for ølsalet i kvardagane, og på laurdagar kl. 18.00. Kva slags tull er detta da ... dei må da ha salet til butikkane til dei stengje! Hotella – restaurantar og pubar dei har servering av vin – øl og brennevin frå tidleg på dagen til seine natta, dvs. fram til kl. 01.00 kvardagar, samt til kl. 03.00 fredagar og laurdagar.

Dette er openberre og totalt vettlaust tankar og handlingar som har rotfesta seg i disse avstand folket, samt detta politiske partiet som er nemnt ovanfor. Det må væra mangel på sosial samkvæme når dei ikkje har evne til og kunna sjå at dette ikkje har nokon vinning. Da hadde vert meir forståeleg og betre då ... at ein hadde eit totalt forbod på sal av alkohol i Noreg, sjølv om detta vert ein utopi.

Men detta er stadfesting kor naive og lite reflekterte disse folka er, med at dei ikkje har evne til og sjå idiotskapet dei har skapt når det gjeld alkoholpolitikken!

Men ein kan også stille spørsmål til politikarane frå andre partia kvifor dei aksepterer denne alkoholpolitikken som motstandsfolket står for? Dette kan vere til ettertanke for oss som veljar inn politikarane inn i kommunestyret og på tinget.

Me har felles trafikkreglar, kvifor skal ein ikkje ha detta innanfor alkoholserveringa også? Verda er komme nærmare Noreg, og detta er eit faktum som avhaldsfolka og nokon av disse trongsynte politikarane har vert med og realisere, og da må dei følgja med i timen kva som føregår innan krav til utviklinga. Og da tenker eg spesielt på turismen til Noreg.

Tidleg på åttitalet var eg den første som tok opp spørsmålet om og få eit vinmonopol på «Vikjo», med nokre innlegg i «Vikalappen» og i Haugesund Avis. Med detta begynte «snøballen og rulla,» som resulterte at ein fekk polet: 14 september 1995, med sjølvsagt med mykje motstand frå disse i avhaldsbevegelsen.

Det at ein har liberalisert salet av polvarer med sjølvbetening var ein smart og eit effektivt trekk frå Vinmonopolet, og da er det vel på tida og gå vidare med liberaliseringa og avskaffe dagens ordning med disse utsal butikkane vinmonopolet driftar.

Underteikna meiner at det er snart på tida og få polsalet inn i matbutikkane, med same krava som polet har til seg sjølv i dag. Dei av butikkane som vil hal sal må ha ei eige avdeling for detta med berre fast betjening handtere salet, som sjølvsagt må dei ha same krava som vinmonopolet har til sin butikkbetjening i dag. Med detta forslaget vil også vere meir turistvennleg, samt at vinmonopolet vil kunne spare investeringskostnader og drivs kostnader. Samtidig vil eg nytta anledninga til og seia at eg har full respekt for andre som tar ein personlege val på detta området, men det skal ikkje væra slik at det er nokon få som skal bestemme over andre når det gjeld å konsumera alkohol.

Sjølv om eg «vifta med ein raud klut» for nokre, synest eg det er på tide og få ein konstruktiv diskusjon kva som vil vere ein fornuftig alkoholpolitikk i dagens samfunn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags