Forleng reklamasjonstida for å minske bruk og kast

Haugesund Venstre oppfordrar resten av Rogaland Venstre å kome med tydelege tiltak for å redusere bruk og kast av elektronikk

Haugesund Venstre oppfordrar resten av Rogaland Venstre å kome med tydelege tiltak for å redusere bruk og kast av elektronikk Foto:

Av
DEL

LeserbrevVerden sløser stadig meir med stadig knappare ressursar. Kun litt under ni prosent av ressursane vert brukt om att. Det er heilt naudsynt å leggje om produksjon og forbruk til ein såkalla sirkulær økonomi. Nederland har vedtatt ein ambisiøs plan om å bli fullt sirkulært innan 2050. Det er ingen grunn til at Norge skal vere dårligare, men då må regjeringa få fortgang i sitt arbeid med ny nasjonal plan for sirkulær økonomi.
Eit godt døme på eit slikt tiltak er handteringa av smarttelefonane våre. I snitt byter me i vesten ut telefonen vår etter berre 2,5 år, og med tanke på at mobilar er av dei dyraste forbruksvarene me har, er dette ganske overraskande og ikkje minst kostbart for den enkelte forbrukar.
Ikkje berre svir dette i lommeboka, det har også store miljømessige konsekvensar, då mykje av teknologien i slike produkt er avhengige av råstoff som er sjeldne, svært energikrevjande å vinne ut og skapar store naturøydeleggingar som følgje av gruvedrifta. Når det gjeld CO₂-utslepp, reknar ein med at industrien kring denne type teknologi vil sleppe ut 3,5 % av dei globale klimautsleppa.
Det er diverre altfor lønnsamt med bruk-og-kast og gjer det mogeleg for selskapa å halde lågare salssum enn produkt med lengre levetid. Så kva kan gjerast?
Ved å forlenge reklamasjonstida frå fem til ti år på kostbar elektronikk, som mobiltelefonar og kvitevarer, vil effekten mest sannsynleg vere at me i større grad leverer produkta til reparasjon heller enn å kaste dei og kjøpe nye. Dersom produsenten må ta kostnaden ved å reparere produkta innanfor reklamasjonstida, vil også dette vere med på å lage produkt med lengre levetid og dimed redusere forbruk av ikkje-fornybare ressursar og redusere klimautsleppa frå denne industrien.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags