Full støtte til Traftec-klubben

Av
DEL

LeserbrevMedlemmene i EL og IT-klubben Traftec Rogaland har no streika i fire månader. Rogaland Sosialistisk Venstreparti gir vår fulle støtte til dei streikande, som kjempar for noko så grunnleggjande som ein tariffavtale.

Traftec AS seier nei til tariffavtale – sjølve grunnmuren i norsk arbeidsliv. Utan landsomfattande tariffavtalar vil arbeidstakarar i Noreg få klart dårlegare lønns- og arbeidsvilkår.

Å nekta ein tariffavtale er særleg alvorleg då selskapet i all hovudsak gjer arbeid for det offentlege, representert ved Statens vegvesen. SV vil at alle som får oppdrag av stat og kommune må ha tariffavtale.

Dei streikande EL og IT-medlemmene ved Traftec står i dag i fremste rekke i den maktkampen som går føre seg i norsk arbeidsliv. Det fortener dei all mogeleg respekt og honnør for. Rogaland SV gir med dette vår fulle støtte til streiken.

Ingrid Fiskaa

Leiar i Rogaland SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags