FV47 Åkra sør - Veakrossen: – Vi treng ein veg som er bygd for framtidig utvikling

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Statensvegvesen ser frå eit faglig perspektiv at veksten på Karmøy vil sentraliserast rundt Åkrehamn. Dagens vegnett har vært uendra gjennom ei rekke generasjonar, vegnettet er knyta saman som ein midlertidig løysning. No er tida inne for ein avlastningsveg.

DEL

MeningerDEBATT: Ei rekke politikarar på Karmøy meiner plutseleg at to rundkjøringar vil løyse store belastningar av noverande strekning, dette meiner eg er politikk i feil retning!

Det å bygge rundkjøring i 2018 i direkte tilknyting til fv47, tilhøyrar fortida. Vi må bygge eit robust vegnett for framtida. Vegprosjektet Veakrossen-Ådland vil skape nye næringar, innovasjon og framtidige arbeidsplassar som kommunen vår sårt treng.

Det å argumentere for at vi kun trenger to nye rundkøyringar på allereie eksisterande veg er et hån mot befolkninga. Til saman på eksisterande veg er det 35 direkte eller indirekte gangfelt som er i tett forbindelse med sentrum, idrettsanlegg, skule og barnehage.

Dagens problemstilling er at det store rushet i hjerte av sentrum legg ein dempar for eit attraktivt bysentrum. Samtidig som det skapar store utfordringar for mjuke trafikantar.

Om vi skal skape ein attraktiv plass å bu er det avhengig av trygge og gode rammer i lokalsamfunnet. Der politi, brann- og helsevesen legg grunnlaget for tryggheten til innbyggarane. Då treng vi eit robust vegnett som gjer det mulig å komme seg raskt rundt i regionen. IKS samarbeidet, som kommunen har inngått med nabokommunane sett eit krav til bemanning, beredskap og utrykkingstid. Noverande vegnett er ikkje tilrettelagt for ei effektiv, rask og trafikksikker framkomst for utrykkingskøyretøya. I følge rapporten frå statens vegvesen viser skadestatistikken en rekke alvorlige ulykker mellom Veakrossen og Ådland, som har resultert i dødsulykker.

Eg godtar ikkje at det kan være mitt barns liv som går tapt, som eit resultat av ein veg som er overbelasta og ikkje tilrettelagt for mjuke trafikantar.

Vi treng ein veg som er bygd for framtidig utvikling, i hjertet av Karmøy.

 

Hilsen

Ørjan Fjellkårstad

Nestleder Karmøy Senterparti og Senterungdommen Haugalandet

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags