Hurtigbåt langs veg og tunnel

Av
DEL

LeserbrevØyane Finnøy og Talgje er landfaste, men har ikkje buss. Finnfast-tunnelen blei opna for ni år sidan, og bussane stoppar framleis framføre tunnelen på Rennesøy-sida; køyrer ikkje inn. Underleg ordning, ukjend alle andre stader.

Dei som ikkje køyrer bil må ta hurtigbåt til og frå arbeid og skule. Dyrt, men tunnelkøyring er dyrare. Den som tener på dette er trafikk-entreprenøren Kolombus som driv dei offentleg finansierte hurtigbåtrutene på oppdrag av Rogaland fylkeskommune. Med null konkurranse er passasjertala høge og fortenesta god ut av eit rutemonopol langs etter veg og tunnel som alle andre stader vil vera og er utenkeleg. Finnøybu og talgjebu reagerer ikkje stort på det. Dette er slik dei alltid har reist, buss var og er ukjent og er dei ikkje blitt vane med. Staten har betalt og fylket let det gå.

Nå blir det slutt. Staten skjer tilskotet kraftig ned. Fylket sitt samferdselsstyre har då til oppgåve å laga nye ruter og henta inn tilbod frå interesserte operatørar. Det har samferdselsstyret ennå ikkje gjort. I staden er Kolombus på pletten med sitt nedskjeringsprogram, og tek det for avgjort og fastlagd ordning at dette selskapet automatisk skal ha den nye kontrakten.

Samferdselsstyret har ingen ting sagt om koss rutene skal vera. Fylket har alt nå planar for bussrutene i den nye Ryfast-tunnelen; der skal det sjølvsagt vera buss. Om den ni år gamle Finnfast-tunnelen ikkje eit ord. Går fylkeskommunen ut frå at det heller ikkje skal vera buss når Finnøy om kort tid blir bydel i Stavanger? I dette tomrommet lagar Kolombus ruter. Som ein måtte venta er det ruter som passar Kolombus.

Kolombus vel å skjera kraftig eller leggja ned ruter for dei som må over sjø for å koma til eller frå Stavanger, og held oppe hurtigbåt langs Finnfast. Sauda og Suldal har gjort felles framstøyt for å få betre og kjappare hurtigbåtsamband. Svaret dei får er kontant og brutalt. Ikkje båt lenger til Sauda, kanskje ikkje til Sand heller. Andre stader får båt berre til, ikkje frå Stavanger. Alle andre enn Kolombus kan sjå at dette går ikkje.

Fylkespolitikarane og samferdselsstyret må vakna og ta ansvaret veljarane har gitt dei. Løysinga skulle vera innlysande. Alle hurtigbåtruter går til og frå Judaberg, med buss til og frå Stavanger. Med det får alle skikkeleg samband med byen og fastlandet; for mange like godt eller betre enn før. Einaste løysinga for alle på andre sida av ein fjord. Til og frå arbeid og skule vil normale bybussruter føra direkte og heilt fram, enten det skal vera til Forus, Ullandhaug, Sandnes eller Stavanger sentrum. Same tilbodet som i Stavanger og på bylandet og som Rennesøy har hatt i mange år. Enklare for dei fleste og greitt for alle.. Ingen er framme på jobb eller skule på Fiskepiren i Stavanger.

Omlegginga kunne vore gjort for lenge sidan. Nå må det gjerast.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags