Klar åtvaring – Vi tåler ikkje ein snarleg utfasing av olje og gass.

AUSTRALIA: Klimakrisa og miljøkrisa har kome enda eit steg nærmare dei siste månadene. Alle brannane som no har herja i over to månader er enorme, og skadene er katostrofale, skriv Terje Garvik. Foto: NTB SCANPIX

AUSTRALIA: Klimakrisa og miljøkrisa har kome enda eit steg nærmare dei siste månadene. Alle brannane som no har herja i over to månader er enorme, og skadene er katostrofale, skriv Terje Garvik. Foto: NTB SCANPIX

Av
DEL

LeserbrevKommentar til Meling jr.

Det var hovedbudskapet til Maritimt forum Haugalandet og Sverre Meling i årsrapporten. Samtidig roste dei også grøn satsing. Ei rask avvikling av olje og gass-næringa vil vere i ei ulukke for våre arbeidsplassar og for verdiskapinga i vårt distrikt og for Norge. Eg kan ikkje tolke bodskapen annleis enn at omlegging til eit grønt og berekraftig samfunn er ein stor trussel dersom det skjer for raskt. Eller er bodskapen slik som svært mange meiner: Eit berekraftig samfunn er bra under den føresetnad at det er «dei andre» som gjer jobben?

Eg skriv denne kommentaren på bakgrunn av nyheitsmeldingane frå Australia.

Eg føler at klimakrisa og miljøkrisa har kome enda eit steg nærmare dei siste månadene. Sjølv har nok også det australske folket fått eit anna forhold til desse omgrepa, og kva dei skal gjere for å endre utviklinga. Alle brannane som no har herja i over to månader er enorme, og skadane er katastrofale. Temperaturen har vore mellom 40 og 50 grader. Eit problem som dei må ta tak i, er om dei skal fortsette å basere ein viktig del av landets inntekter på utvinning av kol? Dei må også tenkje på om dei er tent med ein statsminister som midt i brann-infernoet synest det var greitt å dra på ferie til Hawaii. Dei har også valt å gjennomføre det årleg berømte fyrverkeriet nyttårsafta. Mange har åtvara om at det kan forårsake nye brannar. Blant anna har omsynet til turistnæringa trumfa andre omsyn.

Eg høyrde ein interessant samtale med oljeanalytikar Tina Saltveit, og ein som var leiar for eit fond som satsar globalt på berekraft, klima og miljø. Dei meinte at 2019 var eit år da heilt grunnleggjande analysar blei endra. Det var særlig i dei store, multinasjonale selskap at omlegginga var komne lengst.

Alle politiske parti og selskap har dei siste 10–20 åra ynskt å vera» grøne». Det har stort sett vore på papiret utan reell innvirkning på dei avgjerdene som blei tatt. Nå er det annleis i mange selskap. Desse spørsmåla er i dag noko som blir diskutert i leiargruppene, og det er synspunkt som får direkte følger for strategi og økonomi.

Klima-risiko er blitt eit sentralt omgrep som får direkte innverknad på avgjerdene. Omdømme er også viktig. Dersom selskapa skal lukkast i å tiltrekke seg dei beste folka, trur dei det er avgjerande at dei er eit selskap som er med å gjere verda til ein betre stad å leve i. Det er ikkje så attraktivt å velje dei selskapa som bidrar til å øydeleggje livsvilkåra på jorda. Eg trur at Maritimt forum gjer klokt i ikkje berre tenkje på verdiskaping, men også ta med klima-risiko med i sine vurderingar om framtida.

Politikarane har oftes ein tidshorisont fram til neste val, da kan dei eventuelt kaste korta og begynne å skylde på dei andre. Da er det lett å velje « lettvinte og populære» løysingar. Leiarane i bedrifter må tenkje 10–20 år framover. Da blir det vanskeleg å bagatellisere dei framtidsutsiktene ei nesten samrøystes forsking fortel oss om.

Det blir faktisk altfor risikabelt å sitte musestille i båten og håpe på eit under, og at klimakrisa vil gå over. Det er trist at Norge saman med USA og Saudi-Arabia er dei landa i verda som prosentvis har flest folk som trur at klimaendringane ikkje er menneskeskapte.

Trumfkortet for mange er at det finst kol på Svalbard. Dette beviser, for klimaskeptikarane, at klimaet alltid har endra seg uavhengig av menneskeleg aktivitet. Det er berre ein liten detalj som må tilleggsgast; at når kolet blei laga på Svalbard, så låg Svalbard i nærleiken av ekvator.

Eg aksepterer at det er legitimt for Maritimt forum å kjempe for sine interesser. Eg meiner likevel at den situasjonen vi, og verda, står overfor i dag krev at vi må tenkje nytt. Også reint egoistisk meiner eg det er veldig lite framtidsretta å stå på den sida som ein, med hundre prosent sikkerheit, veit vil tape.

Olje og gass vil for kvart år som går, og som klimaendringane går sin gang, bli meir og meir problematiske.

Derfor er det heilt avgjerande at vi får ein opplyst debatt om korleis vi skal avvikle oljealderen, og få ei omstilling til eit «grønt» samfunn. Vitskapen seier at det må skje raskt, elles så vil konsekvensane bli katastrofale.

Eg har registrert at Sverre Meling er interessert i historie. Eg vil derfor avslutte med ein historisk parallell som vi kanskje kan lære noko av.

For 75 år sidan var andre verdskrig slutt. Store deler av Norge låg i ruinar og skulle byggjast opp igjen. Det blei ein felles dugnad. Nesten alle var einige om at nå var tida inne for å stå saman. Vi bestemte oss entusiastisk for at vi skulle stå saman skulder ved skulder. Alle måtte ofre noko for å kunne nå dei måla som politikene peika på. Vi gjorde det, og vi klarte det. Kanskje var det dei 10–15 åra i vår historie då det norske folket hadde den høgaste livskvaliteten?

Dette valet var ikkje sjølvsagt. Det kunne like gjerne vore slik at alle grupper i samfunnet hadde valt å kjempa knallhardt for sine egne interesser. Kva resultat vi da hadde fått, er vanskeig å vite. Eg er veldig glad for at vi valde den solidariske løysinga.

I dag er det ikkje eit krigsherja Norge vi skal redde. Det er noko mykje større og mange gonger vanskelegare. Sjølv om det høyrest pompøst ut, så står det om det grunnleggjande spørsmålet om våre barn og barnebarn skal ha ei leveleg verd å bu i, framover.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags