Kleveland rettar bakar for smed

Av
DEL

LeserbrevLive Kleveland si mangelfulle forståing av landbrukspolitikken får gå sin gang gjennom landet. litt oppklaring: 

Opplysningsarbeidet gjennom matprat.no m.fl. er ikkje statleg organisert, men organisert av bondeeigd samvirke for å påverke omsetninga av landbruksprodukt. Og bonden betaler gjennom omsetningsavgift. Det må vere greitt for bonden å reklamere for produkta sine så lenge det er lov å produsere desse varene.

Så går det an å meine at vi burde ete mindre kjøtt og meir korn og potet. Og fisk. Her må vi respektere ulike synspunkt. Den debatten må gå om korleis vi skal få til ei slik utvikling framover. Og om korleis produksjon av mat kan bli meir berekraftig og etisk akseptabel. At situasjonen i Norge på mange måtar er betre enn i andre land, skal ikkje vere ei sovepute.

Omsetningslova har dessutan blitt debattert og endra nokså mange gonger sidan 1936. Å kalle ordninga «byråkratisk» er lite opplysande. Sjølvsagt er ordninga administrert, men spesielt overadministrert er ho kanskje ikkje?

Regjeringa sitt forslag om avvikling av retten til å reklamere for kjøtt, korn og mjølk viser også den same inkonsekvensen som Kleveland synleggjer: Først inngår staten jordbruksavtale med sikte på produksjon av så mykje kjøtt som nordmenn vil ha (elles ville kjøttet bli importert) og så skal bonden ikkje få opplyse om bruk og stell av dette kjøttet, fortrinnsvis som ein del av norsk mattradisjon?

Bonden skal kunne vere stolt av å produsere kvalitetsmat og synleggjere dette gjennom den kollektive innsatsen som omsetningslova gjer mogeleg.

Sindre Flø

Norske Felleskjøp

Oslo

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags