Knebling av demokroatiske verkemiddel

Etne FRP : En protokolltilførsel er eit mindretalls spesielle merknader som ynskjes tatt med i protokollen for møtet.

Etne FRP : En protokolltilførsel er eit mindretalls spesielle merknader som ynskjes tatt med i protokollen for møtet.

Av
DEL

LeserbrevTysdag førre veke vedtok fleirtalet av kommunestyre ein sluttavtale for avtroppande rådmann. Avtalen vart godkjend mot 2 av FrP sine røyster.

Saka vart handsama bak lukka dører, så det er ikkje mykje me kan fortelja innbyggjarane om denne saka, men ein kan lese av saksutgreiinga at Etne FrP sitt krav om protokolltilførsel, for å forklara kvifor me røysta slik me gjorde – vart nekta av ordførar Siri Klokkerstuen. Slik knebling av demokratiske verkemiddel kunne me ikkje akseptera, difor valde me å protestera på dette i møte.

Ei protokolltilførsel er eit mindretals spesielle merknader som ynskjes tatt med i protokollen for møtet. Protokolltilførsel er altså ein slags «stemmeforklaring». Dersom ein meiner ei sak t.d. er uriktig handsama, kan ein fremja ein protokolltilførsel.

Fram til dette møte kan me ikkje hugsa at ein ordførar nokon gong har nekta for slike demokratiske verkemiddel. Etne FrP ser særs alvorleg på saka og synest dette er knebling av demokratiske rettigheiter, som eit mindretal har for å forklara sin røystegjeving. Kva synest du om dette?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags