Krokodilletårer frå bondelagsleiaren!

Stig A. Helgesen Leder i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

Stig A. Helgesen Leder i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag Foto:

Av
DEL

LeserbrevEtter å ha inngått avtale med staten om reduksjon av norsk mjølkeproduksjon går leiaren i bondelaget ut i Dagsrevyen og seier han er bekymra for at mange mjølkebønder må ut av næringa.

Men det er jo faktisk eit resultat av ei avtale han sjølv har signert!

Norsk Bonde- og Småbrukarlag hadde som inngang til denne prosessen at me ønska å fordela byrdene mest mogleg. Og å gjera det ein kunne for å sikra at me også i framtida kan produsera mjølk over heile landet basert på norske inn og utmarksareal.

Me ville skjerma dei første 100000 litrane på alle kvotar for å unngå ytterlegare sentralisering og strukturending i mjølkeproduksjonen. Dette ville ha skjerma kvotar opp til 250000 liter!!

Me er leie oss for at me ikkje kunne få Bondelaget med på prioritera fleirtalet av norske mjølkebønder og å seia nei til organisert bondekannibalisme.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags