Livsfarleg for norsk industri

Av
DEL

LeserbrevEU skal bli meir union, og denne energi-unionen vil Solberg-regjeringa ha oss inn i. Kva skal me der? Alle medlemslanda har bruk for kraftimport. Vårt land er det einaste som eksporterer elektrisk kraft. Me kan uansett selja den straumen me vil, kva tid me vil, til høgaste dagspris. Det vil ikkje Solberg. Unionen skal styra straumen vår.

Det me produserer av elektrisk kraft er grunnlaget for industrien og livsgrunnlag for dei mange industristadene som ligg spreidde rundt om i heile landet og som meir enn noko gjer at her bur og arbeider folk i levande samfunn, i kvar einaste landsdel. Sikre tilførslar av nok straum til rimeleg pris er livsgrunnlag for kvart av desse samfunna og med det livsgrunnlag for heile landet.

Regjeringa har sjølvsagt laga prognosar om at med union skal kraftprisen stiga og «me» skal tena meir. Det blir dyre pengar når dette skal betalast med nedlagd industri og industristader som blir kopiar av byar som industriruinar i England og USA.

Alle kan sjå denne faren. Det gjer òg regjeringa. Høgrepolitikaren Nikolai Astrup gjorde dette klart fire år sidan, og så klart som det kan seiast, at den norske industrien har me så lenge me har nok vasskraft.

Astrup er no gått inn i regjeringa og har nok ikkje gløymt det han sa. Det har heller ikkje statsministeren gløymt. Men dei vil dette. Dei har eitt mål og berre eitt: Leggja landet vårt meir og meir, og heilt under EU si makt. Sist, for mindre enn to år sidan då dei gav det norske finanstilsynet over til EU, som dermed fekk overordna styring over oljefondet, som no er på ti billionar, ti tusen milliardar.

Av dette skulle ein kanskje tru at desse politikarane har selt både seg sjølv og landet. Det har dei nok ikkje. Dei trur så godt om alt som er stort. Så sterk er trua deira på eit mislykka og tragisk unionsprosjekt at ingen pris er for høg, og ikkje noko offer for stort til ein union folket er imot

Sauda Arbeidarparti har gjort samrøystes årsmøtevedtak mot energiunionen. Det skulle vel berre mangla. Det skulle vel òg berre mangla at eit samla Arbeidarparti og ein samla Landsorganisasjon gjorde det same, i solidaritet med sine folk, og med det som er deira liv. Det me får vita er at det er strid i Arbeidarpartiet om dette. Om dette òg!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags