Når oslofolk ser budeier

BUdEIE? Gunvor Hals møtte underlege oppfatningar av nynorsk. Arkivfoto: NTB Scanpix

BUdEIE? Gunvor Hals møtte underlege oppfatningar av nynorsk. Arkivfoto: NTB Scanpix

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevIngolv Vevatne
Etne

Etter at Gunvor Hals slo til med det populære programmet «Hæla’ i taket», hadde Dagbladet (sommaren 1986) eit intervju med henne. Overskrifta var «TV-budeia», og første spørsmålet var om Gunvor Hals kunne mjølka.

Rart spørsmål i denne samanheng, men Gunvor Hals kjenner «oslofolket»: «Folk tror vel jeg har godt lag med kyrne når jeg snakker nynorsk og danser gammeldans».

Ei av eksamensoppgåvene for avgangselevane ved vidaregåande skular 1997 var å skriva om «urbanisering og forskjeller mellom by og land». Fleire av sensorane fortalde at mange av stilane frå Oslo og Akershus var «preget av uvitenhet og arroganse».

Dagbladet snakka med professor i sosiologi Reidar Almås, som hadde lese ein del av oppgåvesvara. Han meiner å spora ein «gjennomgående bygdehets» og ein «innvendig rasisme» – dvs. forakt andsynes vårt eige folk – forakt for bønder og bygder, dialektar og nynorsk.

Eit sitat frå stilane: «Bygdesamfunnene ligger ved en fjord eller i fjellheimen, og folk er ikke særlig siviliserte».

Vi møter ein vanvørdnad som på mange måtar er verre enn den diskrimineringa framande folkeslag opplever i vårt land. Det er så vanleg at mange, både i by og bygd, reknar det som «naturleg». Her er grunnlag for tankar om at bygdene våre bør styrast frå byane (kommunesamanslåing), og at landet vårt bør styrast både frå og av Oslo.

Det er sjølvsagt ikkje berre slike haldningar vi finn i Oslo. Her er mange flotte menneske. Men vi møter i altfor stor grad ei forakt for det bygdenorske, fordi bygdene representerer ein motkultur til den embetsmannskulturen vi fekk i dansketida. Den er rådande – særleg i Oslo, men òg i andre byar. Her skal dei markera avstand til det «mindreverdige» og bondske. Med bortimot all makt over media, særleg radio/TV, har dei gjennom fleire generasjonar fortalt oss kva som er «normalt».

Dette har ført til ei sterk mindreverdskjensle i bygder og landsdelar. Eg har høyrt vestlendingar seia: «Me er i grunnen ganske rare», og nordlendingar: «No må vi begynn 'å snakk' som folk!».

Med slike synsmåtar forsterkar dei nedvurderinga av seg sjølv, fordi det er vanskeleg å få respekt for folk som vrakar sitt eige og skjemst av sin eigen identitet.

I 2005 hadde Petter Schjerven eit program i NRK-TV for å markera unionsoppløysinga i 1905. Dersom eg forstod han rett, så drog han følgjande konklusjon: Vi har i grunnen ingen nasjonal kultur, vi er europearar. Ja, sjølvsagt er vi det, men vi er norske òg. Problemet er at vi har ein hovudstad som har vanskar med å innsjå at den nasjonale kulturen har røtene sine i primærnæringane – slik det er i alle land.

Som hovudstad er Oslo eineståande i så måte. Det er fordi oslomålet – som vart nemnt som «det dannede Sprog» – har ikkje sitt opphav i norsk (dvs. dialektane), men i det danske embetsmannsspråket, eit maktspråk som dei gjerne vil føra vidare. Med det følgjer naturleg ei kjensle av at dei «veit best» og har ein høgare kultur. Når vi – elles utover landet – etter gammal vane ser opp til dette, og prøver å etterlikna, så vrakar vi vårt eige. Då er det lett å slå fast at her er landet som ikkje har ein nasjonal kultur. Det har sin bakgrunn i at ein stor del av folket – særleg i byar og spesielt i Oslo – ser på «det norske» som noko mindreverdig.

I samsvar med dette «gløymde» dei å få med «det nasjonale» under grunnlovsmarkeringa på Eidsvoll i 2014. Elsa Lystad tok det opp i «Aktuelt» etter det første programmet. «Jo, det kommer,» sa Olemic Thommesen, og dersom eg ikkje hugsar feil, så vi fekk eit innslag i det siste programmet. Ein komikar stod for det.

Tidlegare vart dei som kom til Oslo med dialektar og nynorsk «forfølgde» dersom dei ikkje bøygde seg for maktspråket. Nynorsken er «farlegast» fordi han er eit tydeleg signal om at folk vil ta vare på vår nasjonale, språklege arv, og vil ikkje godta oslomålet som eit maktspråk som alle skal bøya seg for.

Synet på dialektane har endra seg mykje dei siste ti-åra, men framleis er det slik at altfor mange viser forakt for «bønder og budeier» fordi dei representerer «nisseluelandet» – eit namn som vart brukt fordi vi sa nei til EU. I Oslo og Akershus var det eit stort Ja-fleirtal. Dei var «europearar».

Med denne bakgrunn vil dei vera vegvisarar i politikk og samfunnsliv, og no spørst det om kommunane vil følgja dei i planane om å leggja så mange bygder som råd inn under næraste by. Då kan «bønder og budeier» få mindre å seia i framtida. Likeeins har dei tenkt ut at det bør vera tillate å kumulera ved stortingsval òg. Då kan det bli tynt med representantar frå bygdene i Stortinget. Fleirtalet bur i byar og vil vel gi ekstra røyster til «sine».

Korleis gjekk det elles med dansen og musikken til Gunvor Hals? – Ja, kva tid høyrde du sist trekkspelmusikk og ein feiande, flott vals eller ein reinlendar ? –

NRK har ikkje noko forbod mot denne musikken. Det berre ser slik ut.

Til og med Nils Abrahamsen fekk problem med å halda fram med «Sangtimen» kvar søndag morgon. Var det fordi denne songen var eit vitnemål om ein norsk, nasjonal kultur – ein kultur som «europearane» ikkje vil vita av?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags