No er det jul igjen!

Av
DEL

LeserbrevEit år går fort. Me skriv jula -2019 dette året. Det er lenge sidan vi la bak oss 1900 – talet. Då blei eg født. Det var i 1963. Eg har gode minner om jula. Ho var rik på tradisjonar. Det vanka julestrømpe på sengestolpen kvar helg i adventstida. Der fant eg som regel ei appelsin og heimelaga knekk innpakka i matpapir. Eg hadde julekalender med luker på veggen over senga, men sjølsagt ingen pakkekalender. Med all familie i andre delar av landet, kom pakkane tilsendt. Torkel Pedersen og posten på Håvik blei ein del av min oppvekst. Der kunne vi hente alt det som godt var. Pakkar og julebrev, til og med fenalår og rullepølser kom godt innpakka frå Sogn. Alt var heimelaga og godt salta av mi mormor. Far min hang alt opp med hyssing på ei stang garderoben i kjellaren. Det var også stor glede i heimen når fruktkassane frå morslekta på Steinstø i Hardanger ankom skipsekspedisjonen i Kopervik. Kvart Gravenstein-eple var innpakka i silkepapir, der eg hugsar at det stod «Eit eple kvar dag, held helsa ved lag». I kjellaren på Vorre lukta det Gravenstein og salt sau i heile desember. Det var jul for meg!

Juledekorasjonane laga mor mi sjøl. Det var granbar, lys og julepynt på fat. Det meste blei gjort på lille julaften. Då blei julepynt i esker tatt ned frå loftet og håndbroderte dukar blei strøkne og lagt på alle bord. Raude juletulipanar og sviblar pynta borda. Dei ble tatt godt vare på gjennom heile jula, og sett kaldt i yttergangen kvar kveld. Fat og skåler blei fylte med frukt, fiken, dadlar og nøtter av ulike slag. Me kunne nesten ikkje vente med å spele filipine. Eg er lærar i barneskulen, og spurte nokre elevar ein dag om dei visste kva «filipine» er. Nei, det hadde dei ikkje hørt om. Eg har lese ein stad at leken kom til Norge frå Tyskland. Den har vore kjend i Norge og Sverige sidan tidleg på 1800 talet. Kjelder fortel at namnet «filipine» visstnok kjem frå det tyske «vielliebchen» som betyr kjæraste, eller det latviske «filibas» som betyr «lite par». For dei som kjenner selskapsleken, dreier det seg om å finne to nøtter i same skal. Ei nøtt spiser ein sjøl, medan ein gir den andre til ein ven. I min familie spelte eg filipine med søstra mi, Elisabeth. Dersom eg greide å seie filipine fyrst neste morgon, hadde eg krav på ein liten premie fra ho, og omvendt. Det kunne vera ein sjokolade eller ein marsipangris.

Julekortskriving var viktig i mi barndoms jul. All familie budde som nemnt andre stadar, så det gikk med nokre timar til dette i forkant av jula. Både mor mi og far min tok seg av dette. Ingen skulle bli gløymde. Alle julepakkar blei møysommeleg pakka inn i brunpapir og hyssing. Posten på Håvik var ein kjær ven. Då julaften kom, gjekk turane til Avaldsnes og kyrkja der. Etterkvart blei søstra mi og eg med i skulekorpset på Håvik, og da vart det å kle seg i uniform. Det blei tatt mange julebilder i heimen før me drog avgarde til julegudstjenesten.

Eg hugsar jul på den tida med stor glede. Det er viktig med tradisjonar. Nokre blir borte, andre kjem til. Eg tok noko med meg inn i egen heim. Eg trur det er viktig å ta vare på dei gode tinga. På eit vis gjev dei tryggleik og forutsigbarhet i ei forvirra tid. Vi vil være fordomsfrie, samtidig som vi vil bevare det som høyrer oss til. Det er ikkje lett. «Tider skal komme, tider skal henrulle». No er det meir variasjon mellom menneske som bur her enn det nokon gong har vore. Me har sett at religiøs, etnisk og kulturell variasjon skapar både mogligheiter og utfordringar. Eg er ingen politikar, men svært glad i den norske kulturarva.
Eg ynskjer Haugalandet ei God Jul med grandonkel Bjarne Sæbøe sine ord. Han vaks opp med min morfar i Høyanger i Sogn, og fortel om ei anna tid.


Advent

Fire kvite ljos i kransen,
berre eitt skal tendast fyrst.
Føre jol er myrke dagar,
kringom kransen vert det lyst.

Bar og lyng vi finn i skogen,
- flettar kransen grøn og fin.
Opp i friske grøne baret,
eitt av lysa skjelv og skin.

Klokka tikkar vart på veggen,
minner om at dagar går.
Og at onnor tid skal kome,
onnor tid åt verdi vår.

Gullrand ligg det attom fjella,
der vi veit at dagen rinn.
Og dei nye, ljose dagar
over vinternatta vinn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags