Ope brev til rådmann og kommunestyret i Vindafjord

Av
DEL

LeserbrevForslaget om å leggje ned Vats barnehage som eit ledd i innsparingane kom uventa på mange. At det har vore overskridingar på både eitt og fleire budsjett den siste tida har me alle fått med oss, men at dette skal resultere i færre barnehagar i Vindafjord ser eg ikkje heilt tråden i.
Når overskridingane skjer i andre sektorar gong på gong, medan oppvekst ikkje eingong er i nærleiken av dei same overskridingane, er det då rett å kutte hos dei yngste? Det vert tala om tidleg innsats, verdien i tilknyting til nærmiljøet, levande bygder. Å leggje ned ein barnehage er for meg stikk i strid med dette. I staden for at ungane går saman med sine kommande skulekameratar og får bygd relasjonar, vert dei delt opp og sendt til ulike barnehagar. Og kor har ein eigentleg tenkt å gjere av ungane som per dags dato går og skal begynne i Vats barnehage frå hausten av? Det vert lagt fram forslag om nedlegging, men kvar er konsekvensutredinga for dette? Både med tanke på barna, men og med tanke på bygda og nærmiljøet? Kvar er kommunen sine planar for dei barna som vert ståande utan det trygge, gode barnehagen sin?

Vindafjord kommune har sjølv bestemt at eitt av satsingsområda i kommuneplanen skal vere Levande bygder. Utdrag: «I mindre bygder er funksjonar som barnehage, skule, daglegvare og bygdehus sentrale knutepunkt og møteplassar i nærmiljøet.» Vats manglar som kjent sitt bygdehus for tida, skal ein då og ta vekk ein barnehage?
To av strategiane som er fastsett og vedteke i kommuneplanen (samfunnsdel 04.04.17) når det gjeld satsingsområdet Levande bygder er å ha eit desentralisert barnehage og skulestruktur, samt ha ein barnehage og skulestruktur som sikrar kvalitet og byggjer opp om levande bygder. Vil ikkje då ei nedlegging gå stikk i strid med dette?

I rådmannen sitt framlegg står det at ei nedlegging vil frigjere ca. 1.5 mill. til drift. Samtidig står det at estimert kostnad til drift er 2 000 000, men at det i dag praksis berre vert nytta 300 000,- + mva. årleg til FDV. At det ligg føre eit oppgraderingsbehov er det ingen som motseier, men kommunen har sjølv over så lang tid har valt å ikkje halde ved like undervegs. Alle veit at då forskyv ein og forverrar problemet. Det blir etter mi meining feil at dette då skal ende i ei nedlegging som går utover barn, foreldre og gir ringverknader på attraktiviteten til bygda generelt. Ein kan tenke at ein nedlegging har vore i tankane lenge, då ein bevisst over fleire år har vald å ikkje påkoste vedlikehald i Vats barnehage. Og kan ein nytte dette som argument/taktikk ein stad, kan ein fort gjere det og ved andre høve.

I kommunen sine eigne vedtekter (barnehagevedtektene, vedteke 24.09.19) står det: kommunen skal syte for at viktige saker blir lagt fram for foreldreråd og samarbeidsutval. Dette er ikkje blitt gjort i dette tilfelle. Kva tenker ein om dette? I barnehagelova §4 står det «barnehageeigar skal sørgje for at saker av viktigheit forelegges foreldreråd og su.» Barnehageeigar i dette tilfellet er vel kommunen? Når budsjettet vedtas er dette å rekne som eit politisk vedtak, og har eg forstått rett kan ikkje eit politisk vedtak klagast på. Dei to nemnde punkta ovanfor skal sikre vår medverknad og mogelegheit til å komme med vår side, men det er blitt sett til side i denne saka. Korleis kan ein i eit budsjett foreslå endringar som strider både med kommunen sine eigne vedtekter, og ikkje minst lovverket?

I tillegg skal det i 2020 gjennomførast ein omfattande Barnehage og Skulebruksplan og «denne vil danne grunnlag for korleis ein skal strukturere denne sektoren framover». Kvifor vel ein då å gjere endringar i denne sektoren før ein har fått resultatet av desse undersøkingane? Før me har alle tal og fakta på bordet?
Eg vonar at dei som skal vedta desse forslaga som rådmannen har lagt fram ser litt på desse tinga som er nemnt her. At ein på under eitt års verknadstid skal leggje ned ein barnehage, utan konsekvensutreding for kva dette eventuelt vil ha å seie for barna, nærmiljøet og bygda. At ein ikkje har sørgja for foreldremedverknad, noko som er nedskrive i lovverket. At ein bruker oppgraderingsbehov som argument, når kommunen sjølv er skuld i at behovet er som det er.

Me vil ha barnehagen vår akkurat der den er. Me vil ha barnehagen vår med dei gode, trygge vaksne som er der. Me vil ha barnehagen vår som ein del av bygda og nærmiljøet vårt, og ein del av våre barns trygge start på oppveksten. Me vil ha Vats barnehage.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags