Rasisme er eit problem i vårt lokalsamfunn!

Av
DEL

LeserbrevKva er rasisme? Det er forskjellsbehandling av folk grunna rase, etnisitet, kulturelt eller religiøsitet. Det er diverre ein del rasisme i samfunnet vårt. For eit eksempel på rasisme kan vær at det kan vere vanskeleg å få jobb i konkurranse med etnisk norske jobbsøkarar. På ein del arbeidsplassar kan leiarar vere redde for å tilsette søkarar med utanlandske namn, fordi dei trur at dei kanskje ikkje kan det norske språket, eller ikkje passar inn av andre grunnar, sjølv om dei har kanskje lang erfaring og god utdanning.

Eit anna eksempel er at mange personar kan bli adoptert frå Korea eller eit anna asiatisk land. Når dei blir adoptert til Norge så får dei norsk fornamn og etternamn. På søkarlista så kan ikkje bedrifta vita korleis utsjåande deira er. Så da kan ikkje bedrifta vita at dei er adoptert fordi dei har norsk namn.

Dersom dei blir innkalla til intervju, så kan det vere at dei kan bli vurdert annleis på grunn av rase (Utsjånad) eller religion. Det kan vere at dei som tilset folk i bedrifta har eit anna syn på folk som ikkje ser norske ut, og veljar å «gi minuspoeng» grunna utsjånad. Dette trass i at dei kanskje var kvalifisert til jobben.

Eg synest rasisme er heilt idiotisk. Ein person burde ikkje bli dømd på grunn av namne sitt, dei burde heller ikkje bli dømd på grunn av utsjåande. Ingen vel korleis dei skal sjå ut, så eg meiner at ingen burde bli behandla annleis på grunn av det. Folk burde heller bli dømd på grunn av korleis dei faktar.

Ein kan heller ikkje vita korleis ein person er ved å berre sjå kva for ein rase ein er. Ein veit ikkje korleis folk er utan å bli kjende med dei. Det kan vere at ein kan ha mykje til felles når ein berre tar seg tid til å snakke og bli kjend med personen. Eg skulle ønskje at alle blei sett på likeverdig, og at det var ingen stereotypar eller diskriminering mot folk som er annleis. Eg synast ikkje det er greitt at nokon har bestemt at menneske frå for eksempel Afrika er mindre intelligente enn folk som ikkje er ifrå Afrika.

Eg synast rasisme ikkje burde vera ein del av vårt lokalsamfunn. Verda hadde vore ein mykje betre plass å bu utan rasisme.

Georg Rein

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags