Russ er ikkje barn

Av
DEL

LeserbrevGaute-Håkon Bleivik skriv den 29. april ein kommentar om russebussen som blei ilagt eit bruksforbot som seinare blei oppheva. Eg kjenner berre saka frå omtala i avis, og skal ikkje drista meg til å meina noko om den konkrete saka eller dei juridiske vurderingane politiet har gjort. Men Bleiviks kommentar bygger på premissar som eg meiner at ikkje held vatn.

Eg er hjarteleg einig i at dialog og førebygging er viktig, og at ikkje alt som kan påtalast må straffast. Straff er eit naudsynleg vonde, eit verkemiddel som først bør brukast når det er god grunn til det. Det er naturlegvis politiet sitt ansvar å vurdera dette.

Derimot er eg heilt ueinig i at politiet i denne vurderinga bør ta omsyn til at det «gjelder russetiden», at politiet bør visa særleg moderasjon fordi russen er «vår oppvoksende generasjon», at å reagera på overtreding av vegtrafikklova er «å straffe dem for feiringen», eller verst av alt: at «de som rammes i beste fall ikke skjønte rekkevidden av det de gjorde».

For det første er dette ei nedlatande og infantiliserande haldning overfor russen. Ein må føresetta at elevar med 13 års skulegang bak seg er både er i stand til å forstå lovreglar, og kva som kan skje om dei blir brote. Lovbrot er heller ikkje ein føresetnad for feiring. Men meir grunnleggande meiner eg kommentaren bygger på ei alvorleg og dessverre ganske utbreidd misforståing av tilhøvet mellom lov, samfunn og modning.

Russ på 18 og 19 år er myndige. Sett med lovgjevarauge er dei vaksne personar. Dei har røysterett, kan kjøpa og drikka alkohol, samtykka til sex, køyra bil, påta seg arbeid, dra i krigen, blir erstatningspliktige – kort sagt, så har dei med ytterst få unntak samme rettar og plikter som ein 30- eller 40-åring.

Ikkje minst, så kan dei straffast. I norsk strafferett er det ei godt etablert oppfatning at låg alder ikkje er eit formildande moment ved straffutmåling for personar over 18 år. Bruksforbod for motorvogn, som det var snakk om i denne saka, er vel å merka ikkje straff i juridisk forstand. Men når rettssystemet vår bygger på at manglande modning ikkje er ei unnskyldning ved idømming av dei strengaste sanksjonane i samfunnet, så bør det heller ikkje vera ei unnskyldning ved mildare reaksjonar.

Eg kunne hatt meir sympati med synspunkta i kommentaren om det dreide seg om ein overreaksjon på nattleg uro. Men ikkje når det gjeld handheving av trafikklovgjevinga. Her er det gode grunnar til å ikkje vera meir atterhalden overfor dei yngre. Unge, og særlege unge menn, er overrepresenterte i trafikkulykker. At det òg kan skje svært alvorlege ulykker som følge av risikotaking under «rulling», viser ulykka i Arnanipatunnelen for omtrent to år sidan. Bruk av setebelte er eit viktig tryggleikstiltak, og at ein buss full av animert ungdom i nattemørket er noko litt anna enn merksam ungdom som klamrar seg fast på bussen til Førre.

Russ er ikkje barn. Dei er vaksne, som er forventa å kjenna rett og galt og ta konsekvensane av eigne handlingar. Når politiet har «god dialog med russen på forhånd for å signalisere hvor terskelen går», er det fordi dei no er samfunnsborgarar som det blir stilt forventningar til. Russetida blir oppfatta som ein overgangsrite til vaksenlivet, men i rettsleg forstand byrjar overgangen lenge før den siste våren på vidaregåande. Og i det du fyller ditt 18. år, er overgangen overstått.

Det er noko både russ og politi bør retta seg etter.

Olav Østebø Olsen

Jusstudent

Sveio

Følg på: Twitter

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags