Våre ungdommar og våre fellesskap

STÅ SAMAN: Som foresatt, tysværbu og folkevalt vil eg ta del i arbeidet slik at dei som er redde skal slippe å vera redde for å bli mobba, drapstrua og utestengt, skriv Sigmund Lier. 8foto: Alfred Aase

STÅ SAMAN: Som foresatt, tysværbu og folkevalt vil eg ta del i arbeidet slik at dei som er redde skal slippe å vera redde for å bli mobba, drapstrua og utestengt, skriv Sigmund Lier. 8foto: Alfred Aase

Av
DEL

MeningerDet er urolege tider i kommunen for mange. Unge fortel om utanforskap. Nokon truar andre og mobbar, andre vert mobba og kan bli isolerte. Det stormar hos både unge og vaksne, og me vaksne brukar høge stemmer og ein skarp blyant. Lokalavisa brukar sterke verkemiddel for å få sakene fram. Ungdomsmiljøet har vore i søkelyset lenge og me vaksne er klare og tydelege på at no må me krevje endring og det må ordnast opp.

Nokon peikar på at alle andre skal ordne opp og ser ikkje kva rolle dei sjølv kan ha. Mobbing på skulane våre har over tid vore ei stor utfordring. Dette må endrast. La oss difor bruke tida som kjem til å løfte opp og snakke om korleis me vil ha det saman, i klassen, i friminuttane, på skulebussen, mellom oss foreldre. Korleis skal me klare å snu trenden å til det beste for alle?

For i alt dette er me alle menneske. Alle menneske med våre styrker og svakheiter, med handlingar me er flaue over og handlingar som gjer oss stolte. I dette finst det usikre ungdommar der dei leitar etter eigen identitet. I alt dette er det mange foreldre som er fortvila for sine, både dei som blir mobba, men og dei som er krenker andre.

La det vera sagt tydeleg og klart; me godtek ikkje mobbing, me godtek i det heile ikkje drapstruslar. Det blir tatt tak og det har heile hausten blitt jobba med å snu negativ åtferd. Ja! Skulane skal ta ansvar for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og då blir det avgjerande i tida som kjem at alle er med og tek ansvar for det som skal til for å løfte ungdomsmiljøet. No er det ikkje tida for å korsfeste! No er det ikkje tida for å leite etter kva alle andre skulle hatt gjort tidlegare. No er det ikkje tida for å polarisere eller gå i skyttargravene!

Skal me lukkast må me ikkje berre peike på skulen og dei tilsette, me må peike på heile laget rundt eleven. Oss foreldre er dei viktigaste på dette laget etter eleven sjølv. Saman må me sikre grenser, struktur, støtte og eit fellesskap. Behovet for å ha nokon å vera saman med, gjere ting saman med for å kunne sosialisere oss. Me må saman sikre at aktivitetane er sunne og framtidsretta.

Politiet skal gjere si oppgåve. Når ein trør feil, må me hjelpe til slik at ein får rydde opp, ta si straff, beklage og gå vidare. Sikre ettervernet, både for mobbaren og for mobbeofferet. Lære av feil. Til dette må me vaksne hjelpe til – ikkje berre med høge stemmer eller formaningar, ikkje med gapestokk, men med vennleg vilje, klare forventningar og krav for å hjelpe alle og sikre at me kan leve vidare saman i gode fellesskap.

Me vaksne må hjelpe, rettleie og gi råd om retning. Ikkje ved å skrive på kommentarfelta på sosiale medium, ikkje med å like nettrolla sine kreative karakteristikkar av andre. Me gjer det med å våge å snakke saman og hjelpe og rådgi både eigne og andre sine unge. La oss vera litt «nabokjerring» alle.

No er det tida for å stå saman slik at me i lag kan byggje vidare på dei gode haldningane, verdiane, fellesskapa og alle dei gode tilboda me har. No er det tida å lære av feil val og manglande inngriping.

La oss stille krav til kvarandre, men la oss også stille opp for kvarandre. Ikkje la oss berre sjå etter kva alle andre skal gjera for å fikse opp. La oss også gjere det me kan, kvar enkelt som foreldre, som vaksne, og andre for å bringe det gode miljøet vidare.

FAU, ungdomsråd, rådmann, politi og mange gode andre hjelparar har lenge – sidan i haust jobba intens, på kvar sine arenaer med å ta tak. Koordinert innsats for å endre og byggje opp, og rive ned barrierar som hindrar gode fellesskap. Kommunestyret vedtok i budsjettet ein rekke tiltak for eit meir inkluderande fellesskap og betre skulemiljø.

Ordførar orienterte også kommunestyret i same møte om uroa i ungdomsmiljøet, om mobbing og utestenging. Kommunen skal vera opne om tiltak som gjeld for alle. Me skal tydeleg vise fram kva tiltak som skal gjelde for skule- og ungdomsmiljøet. Me skal også som innbyggjarar ha stor respekt for at individuelle tiltak, det private skal bli verande internt med dei det gjeld og ikkje som offentleg forlystelse.

Som føresett, tysværbu og folkevalt vil eg ta del i dette arbeidet og løfte og byggje vidare, slik at dei som er redde skal sleppe å vera redde for å bli mobba, drapstrua og utestengt. La oss sikre at dei som har det vanskeleg blir invitert inn att i fellesskapet, la oss hjelpe skulane i deira viktige arbeid og la oss hjelpe alle dei som har trøtt feil og angrar for dette inn at i klassemiljøet og ungdomsmiljøet.

La oss bruke foreldremøte til å snakke om nettopp korleis ha det godt i lag i klassen, på skulebussen, på treninga eller utanfor lokala til Avanti. Eg vil oppfordre alle til å delta i dette viktige arbeidet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags