Vindafjord KrF samla til årsmøte

Av
DEL

LeserbrevDå Vindafjord KrF var samla til årsmøte på Lundeneset 5. februar fekk dei høyra ein inspirerande tale av stortingsrepresentant Geir Toskedal. Han tok deltakarane med inn i aktuelle saker som partiet arbeider med i Storting og Regjering, gjennomslag partiet har hatt i politikken og tankar framover. Gallup-pilene peikar igjen oppover for partiet som nå har fire ministrar i regjeringa. Dei gjer ein flott jobb for KrF sine gjennomslag i politikken, til det beste for land og folk, med program og politikk som byggjer opp om dei kristne grunnverdiane: forvaltaransvaret, menneskeverdet og nestekjærleiken. Talaren deltok denne gong på storskjerm.

Ved kommunestyrevalet fekk Vindafjord KrF inn tre representantar, og kunne registrera ein liten vekst i røystetalet etter ein svært aktiv valkamp for styret og listekandidatane. Etter valet inngår partiet i ein fleirtalskoalisjon som samarbeider godt om dei lokalpolitiske sakene.

Årsmøtet valde samrøystes nye styremedlemmer, som er:
Steinar Skartland (ny leiar), Eivind Hetland, Asle Dagsland, Ruth Fosse Fjelltveit (frå før), Eirik Stople (frå før), Gustav Løge Fosse (gruppeleiar). Varamenn er: Sigbjørn Mortveit og Leiv Karsten Medhaug. Avtroppande lokallagsleiar, Eivind Hetland, held fram som styremedlem.

Medlemmene godkjende endringar i lokallagslovene i samsvar med vedtak gjort på landsmøtet. I tillegg var andre faste årsmøtesaker, som m.a. var arbeidsplan for lokallaget i ei tid med mange krevjande saker i lokalpolitikken. Vindafjord KrF har 104 betalande medlemmer. I tillegg er nå etablert lokallag for KrFU i Vindafjord og ungdomane opplever god vekst i medlemstalet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags