Miljøvenleg tur ut på byen?

Av
DEL

LeserbrevHar du nokon gong tenkt på kvar ingrediensane i maten du et ute på byen er ifrå? Eller om det finnest andre meir miljøvenlege måtar å komme seg heim frå byen? Her er tre tips til korleis du kan ha ein meir miljøvenleg tur ut!

Kor miljøvenleg det du et og drikk når du er ute på byen for eksempel, er avhengig av fleire faktorar som transport, produksjon, emballasje og om det blir resirkulert. Det finnest aktørar i Noreg som produserer både øl, vin, sprit og sider. Det reduserer utslepp frå
transporten, i samanlikning til om ein bruker norske leverandørar av matvarer som frukt, grønt og kjøttprodukt. Det er billigare å velje mat som er lokalt produsert, i tillegg så veit du korleis produktet er blitt produsert og at det slepp ut mykje mindre utslipp med tanke på at det er kortare veg.


Når ein skal heim, kan ein heller velje kollektivtransport i staden for taxi eller uber. Taxi er dyrt, og det er ikkje miljøvennlig om ein berre er 1 person som skal heim åleine. Spør heller om nokon andre vil sitte på om du må ta taxi! Da blir det billigare for deg og for lommeboka. Om du har muligheit til å kjøre kollektivt heim anbefaler eg deg heller å gjere det, billigare og betre for miljøet. Når det blir varmare ute finnest det muligheit for å gå heim, og kva er ikkje betre enn å lufte seg litt før ein kjem heim.


Er du ein av dei som kjøpar nye klede kvar gong du skal ut på byen? Reality check: heilt seriøst ingen hugsar kva du hadde på deg førre gong du var ute! Treng du eigentlig å kjøpe nye klede kvar gong? Eller kan du låne sjå av ei venninne, ei søster eller kanskje så kan du låne den gamle jakka så bara ligg oppe på loftet? Eller så kan du bare mikse med noko av det du allereie har i skapet.

Her har du fleire tips til korleis du kan ha ein miljøvenleg tur ut på byen, eller om du skulle hatt ein tur i selskap.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags