Lukta av levande natur

Naturmangfald krev litt gjørme i blant

Naturmangfald krev litt gjørme i blant Foto:

Av
DEL

LeserbrevDenne veka starta med ein skremmande rapport frå FN sitt klimapanel: Verda har endå dårlegare tid enn me har trudd til å stagga den globale oppvarminga, og dersom me skal klara det må det dramatiske politiske grep til over heile kloden.

Samtidig la regjeringa fram forslaget sitt til stadsbudsjett, og i Haugesunds Avis kunne me lesa at Høyre sin stortingsrepresentant Stensland meinte det var eit bra budsjett «for oss som er glade i lukten av fersk asfalt». På Karmøy sit ordførar Jarle Nilsen og er glad i lukta av asfalt, og håper at kommunen skal kunna køyra på med omkøyringsvegen på Åkra utan meire om og men.

Denne asfaltgleda breier seg over heile Rogaland, fylket som på 10 år (2006-2016) bygde ned 12 000 mål matjord. Nye E39 vil gjera vidare innhogg i natur- og kulturlandskap. I festtalar er dei fleste politikarane særs einige i at både landbruk og naturmangfald er viktige verdiar som ein må verna om, men når det kjem til praksisen er det visst ikkje så viktig likevel?

Statsbudsjettet er nærast ein hån mot naturmangfald. Det er inga satsing på auka miljøkompetanse i kommunane, eller på nokre av dei tiltaka som verkeleg kan stansa tapet av naturmangfald i Norge. Regjeringa foreslår å kutta 20 millionar i løyvingane til skogvern, kutta 12 millionar i løyvingane til vassforvaltning, og kutta 3 millionar til bevaring av vår mest trua natur. For å setja dette i perspektiv: dersom budsjettet heller auka med 40 millionar til bevaring av trua natur ville ein kunna redda knappe 2 artar – men det finst over 2000 truga artar i Norge.

Me i Rødt meiner at det er tid for å ta nasen ut av asfaltlukta og lyfta blikket. Me må redusera talet på bilar på vegane i Norge, ikkje auka det. Tek me ikkje vare på raudlista arter og uerstatteleg natur og matjord, så har me kasta det bort for framtidige generasjonar. Då er det lite framsynt å pressa gjennom ein unødvendig omkøyringsveg, mot klare råd frå fagmiljøa. Og om Stensland og Høyre skulle vera i tvil, så er dette slett ikkje noko bra budsjett for oss som likar lukta av levande natur.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags