Kven fører ein splittande retorikk?

Kenneth Lyng Karlsen:  Sylvi fekk blomar frå meg for eg ville visa mi støtte til henne. Foto: privat

Kenneth Lyng Karlsen: Sylvi fekk blomar frå meg for eg ville visa mi støtte til henne. Foto: privat

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevNår Sylvi fekk blomar frå meg og andre rundt om i landet, som ville visa si støtte til sin kvinnelege minister mot den politiske mobben, vart me alle kalla rasistar av mellom anna tidigare likestillingsminister og SV-politikar Inga Marte Thorkildsen. Dei tilsette i departementet kalla blomane våre for «Nazi-blomar», og Støre klistra fort sine meiningsmotstandarar og heilt vanlege nordmenn til ABB (Les: Anders Behring Breivik). SV-Politikar Kari Elisabeth Kaski fortalde til ABC Nyheter at «FrP fortel den same historia som ABB.»

AP-politikar Gjermund O. Bjørndahl kalla Listhaug i 2017 for «jævla rasistkjerring» på Facebook og meinte at ho som minister burde tole dette.

Venstres Abid Raja sa for nokre år sidan i TV programmet Tabloid at «FrP er eit parti full av dritsekker og reine rasistar».

Mani Hussaini (AP) sa i skuledebatten på Nes vidaregåande skule at «FrP jublar når barn druknar i middelhavet».

Ein journalist frå Nord-Norge skreiv på Facebook «Kva med å stramme inn ei løkke rundt halsen din i stede Sylvi?».

AUF Trøndelag legg ut valkampfilm der dei klipper og limer ulike sitarar frå Sylvi – heilt utav samanheng. Saman med eit bilde av eit gråtande flyktningborn legg dei på sitatet, «Deira eige liv betyr ikkje noko for dei. Dei drep seg sjølve og andre».

Denne heksejakta mot Sylvi har vore heilt ekstrem. Det var vel også difor Fylkespolitikar Arne Liaklev (MDG) føreslo at ein skulle gjenreise heksebrenningsanlegget i Vardø?

Kven fører ein splittande retorikk spør eg? Kunne me ikkje heller stått saman mot dei ekstreme kreftene, både på venstreside og høgreside i politikken. Stått mot både venstreekstremistane og høgreekstremistane?

Mens Jens Stoltenberg samla ein heil nasjon etter 22. juli, så har Støre derimot polarisert og splitta nasjonen.

Listhaug valde til slutt å gå av fordi det var heilt umogeleg for ho å stå i stillinga som justisminister, når ho heile tida vart forsøkt knebla. Slik eg ser det gjekk ho av slik at den borglege regjeringa kunne fortsette å føre ein streng og berekraftig asyl- og innvandringspolitikk, samt sikra at skattar og avgifter fortsett går ned, og at vegsatsingane fortsett slik som dei har gjort dei siste åra. Dette hadde ikkje framleis om Jonas blei statsminister.

Avslutningsvis vil eg seia meg samd med dette sitatet frå avtroppande justisminister Sylvi Listhaug: «Ytringsfriheten er ein viktig norsk og vestleg verdi me må stå opp for. Eg kjem aldri til å vera ein politikar som er lik andre. Eg vil vera meg sjølv»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags